Forord

 

Dette studiet av Messiaen sitt klangunivers har vore ei svært spanande og lærerik reise. Eg har fått lov til å bli litt betre kjend med det særeigne tonespråket til ein av dei viktigaste komponistane på 1900-talet. I denne prosessen har nokre personar vore ekstra viktige. Først vil eg rette ei stor takk til pianolæraren min ved Griegakademiet, Signe Bakke. Takk for at du presenterte meg for Préludes av Messiaen og smitta meg med entusiasmen over musikken til denne komponisten. Takk for inspirerande og god undervisning, lån av viktig kjeldemateriale, og elles støtte og hjelp undervegs. Eg vil òg takke rettleiaren min gjennom prosjektet, Jostein Gundersen. Takk for alle gode råd, kritiske spørsmål, tålmod og støtte desse månadane. Ei takk fortener også Live Christine Brandal; for nyttige språkkunnskapar, tålmod og lyttande øyrer i stunder då eg trengte å snakke meg ut av skrivesperra.