Klassisk møter folkemusikk

I mitt masterprosjekt har eg fokusert på musikk som er inspirert av norsk folkemusikk. Det heile starta då eg hadde hardingfeleundervisning med Håkon Høgemo, og han introduserte meg for Geirr Tveitts hardingfelekonsert nr 2, «Tri Fjordar». Vi jobba mykje med konserten, og ville kome fram til ei spelemåte der musikken skulle høyres meir ut som ein spela ein slått på tradisjonelt vis, enn at hardingfela blir eit typisk klassisk solistinstrument. Det er jo klassisk musikk, som er inspirert av folkemusikken, og med eit litt meir uvanleg soloinstrument enn ein normalt bruker, men samstundes ville vi oppnå å få fram eit meir tradisjonelt spel enn det som er mogleg å notere ned på noter.

Solist med Kristiansand Symfoniorkester, 29. mai 2019

Her er eg solist med Kristiansand symfoniorkester og dirigent Andreas Hansson. Vi spelar “Tri Fjordar”, hardingfelekonsert nr. 2 av Geirr Tveitt. Dette er midt i kreftbehandlinga mi, og det er grunnen til mangel på hår. Men noko så kjekt som dette er det lenge sidan eg har opplevd,og det var stas å få gjennomført dette etter planen! Det er eg svært takksam for og stolt over. Ekstranummeret er eit utdrag frå “Budeiene på Vikafjell” etter Sigbjørn Bernhoft Osa.

Steve Reich: Music for 18 musicians

I mai 2018 fekk eg vere med på eit prosjekt der vi spela verket «Music for 18 musicians» av Steve Reich. I staden for fiolin, nytta vi tre hardingfeler, og vi prøvde å spele musikken nærare norsk folkemusikktradisjon, til dømes ved bruk av likringar og dobbeltgrep. I tillegg til dette var det med fire songarar, som óg satte sitt folkesong-preg på framføringa, og dei tolka songdelane ved hjelp av kveding.


I tillegg til dette har eg spela verk av norske komponistar, som har vore inspirert av norsk folkemusikk, og brakt denne tradisjonen inn i den klassiske verda. Dette ved hjelp av harmonikk og rytmikk, og fleire har latt seg inspirere av levande kjelder som har vidareført sin kunnskap og musikk vokalt og gjennom speling.


Edvard Grieg har brukt mange folkemusikkelement i sin sonate nr 2 i G-dur for piano og fiolin. Dette er ei sonate eg er svært glad i, og føler ei tilknyting til, og difor har eg vald å ha den med på min avsluttande masterkonsert.


Sparre Olsen har skrive stykket «Seks gamle bygdevisur fra Lom». I følge Norsk biografisk leksikon (https://nbl.snl.no/Sparre_Olsen) vart stykket skrive for klaver og utgjeve i 1928. Seinare har han dedikert stykket til Arve Tellefsen, og dermed vil eg tru han har skrive det om for fiolin og klaver (finn lite informasjon om dette). Visene vart til etter møtet med diktaren Olav Aukrust, som har skrive diktet «Himmelvarden». Om lag alle satsane startar med enkel og lite utsmykka melodi, men når melodien blir gjenteke har han utbrodert med dobbelgrep. Eg trur dette er gjort for å vise skilnad på klassisk spelemåte og tradisjonell spelemåte, og at det er difor han har komponert musikken på denne måten.


Sigmund Groven har skrive verket «Sommaren som var» for fiolin og akkordeon. Dette verket kan ein óg høyre er inspirert av norsk folkemusikk; ikkje berre på grunn av instrumenteringa, men på grunn av harmonikk og noteval. Eg skal på avsluttande masterkonsert spele dette verket saman med akkordeonist Live Berger Brekke.