TIRIL OG MARTIN 

I duoen Tiril og Martin spelar vi gamal og ny musikk. Frå tradisjonelle røt greinar musikken vår seg ut i eit samspel der melankolien råar. Med song, hardingfele og lyre utforskar vi moglegheitene som oppstår i spennet mellom tradisjonelle instrument og nyskrivne tekstar og melodiar.


Improvisasjon er ein stor og viktig del av Tiril & Martin-prosjektet. Det er ofte Martin som kjem på øving med eit nytt lyreriff eller ein tekst som vi tek utgangspunkt i, og som vi spinn vidare på i fellesskap. 

Vi byttar på kven som har kompefunksjon og kven som leder an melodilinjene, og tek opptak av alt. 

 

SOLO

Samspelet mellom meg og fela. Denne delen av prosjektet inneheld solorepertoaret mitt. Eg vil finne og spele dei slåttane som gjer at eg lengtar etter få å halde kring felehalsen og utforme musikken. Eg ynskjer å utvikle- og forbedre meg teknisk, og eg vil utvide mitt repertoar. Hovedvekta ligg på lyarspel både for fele og hardingfele. 


Mi interresse for lyarslåttar er stor. Eg likar det melankolske tonespråket som mykje av denne musikken har, og at det ofte er knytta historiar og sagn til lyttemusikken. Dragninga mot det melankolske og kjensleladde er sterk, eg vil gjerne kjenne at det strammar seg litt i hjartet. 


Eg har jo valt eit veldig bredt prosjekt, og svakheita med det er at ein kanskje mistar litt fokus på detaljar og det å verkeleg fordjupe seg i éin tradisjon.  Derfor er det fint med ein solodel der det fins rom for litt meir djupdykk. 

BAKTEPPE

Eg vaks opp som nummer fire i ein søskenflokk på seks i ein herleg, høglytt, travel og ganske kaotisk heim på Stord. Båe foreldra mine er musikarar, så musikk, teater og dans vart tidleg ein stor del av tilværet i barndommen. 

Eg brukte å stå midt i stova å øve, mens folk støvsugde, såg på TV, leikte med lego, roca med rockering, og lagde mat rundt om. Veslebror brukte å øve saxofon parallellt med mitt felegnikk i eit anna rom, mens mamma varma opp stemma på kjøkkenet før ho flaug i veg til nabokommunen for å dirigere kor seinare om kvelden. 

 

Vi hadde trommesett i stova som vart flittig brukt av eldre, tøffe storebrødre som ville starte punkband, mens yngstesystra krabba rundt med hørselvern på golvet. Utanfor sparka andre brødre fotball, frittgående høner grov opp naboens blomsterbed og den døgnville hanen gol som om han skulle fått betalt for det til alle verdas tider.

Seint om kvelden og utover natta kunne ein høyre mamma og pappa øve saman.

Det gjekk i mykje renesannse-musikk, særleg John Dowland, men også viser, samtidsmusikk og folketonar.

 

Det er mykje som må gjerast i den store heimen og alle måtte hjelpe til, men det var éin måte å sleppe unna huslege plikter på, og det var å sei at ein skulle øve.
Øvinga gjekk føre det meste anna, og mamma og pappa slapp gjerne det dei hadde i henda for å akkompagnere meg på diverse instrument. Vi spelte bach, polskor frå Jämtland, Vamplåtar og tango. Det gjekk saumlaust over i kvarande, og eg vart veldig oppmuntra til å spele litt av alt. 

All musikk hadde på ein måte samme verdi, og etterkvart byrja eg å leike meg med ornamentikk og improvisasjon uansett sjanger. Då eg fann ut at det var gøy å trille, la eg til trillar på ALT. Ingen sjanger gjekk fri for trill og krull.

 

Mitt fyrste møte med folkemusikken var mor mi som song og tralla polskor, valser og viser frå sine heimtrakter i Jämtland. Vi har ei lita hytte som ligg på eit nes nede ved Solbergsvattnet, nokre kilometer frå grenda der mamma kjem frå. På kvar si side av den gruslagte og humpete traktorvegen ned til sommarstugan vaks mormor og morfar opp på tidleg 1930-tal.
Käringnäset heiter det her og hit har familien min reist på sommarferie så lenge eg kan hugse. 


Det er 110 mil å køyre frå huset vårt på Stord til hytta på Käringnäset. Denne strabasiøse turen gjekk føre seg i ein raud Volkswagen caravelle med stor kvit takboks, seks born i baksetet, to foreldre foran, og eit ubestemmelig antal flytevester, kanoar, instrument, myggspiralar, kattar og andre nyttige ting ein kan få bruk for på sommarferie i ei hytte utan innlagt straum og vatn.
CD-platane med The Beatles, Cornelis Wreswjik, Ebba Grön og Odd Nordstoga fekk kjørt seg rimeleg greit, og vart like varme som passasjerane i den raude minibussen utan aircondition midt i fellesferien. Ein sommar hadde pappa gått til innkjøp av ei liveplate med Gåte. Herregud som det gjorde inntrykk. Eg elska kombinasjonen av  midelalderballadar, el-gitar, fele og det røffe preget plata hadde av å vere live. 

Desse erindringane frå oppveksten ligg som eit bakteppe for prosjektet, og med eit ynskje om å omfavne kontrastar, samspelet, ulike kunstformar og tradisjon tek eg fatt på denne reisa. Heng med. 

 

 

MASKROS

Maskros er ein trio som Ida Johanne Wahl, Frida Drevland Tømmerberg og eg starta då vi gjekk i same klasse under bachelorstudiet i klassisk musikk ved Fakultet for utøvende kunstfag i Stavanger. Maskros betyr løvetann på svensk, og natur og blomar har vore ein slags raud tråd i dette trio-prosjektet. 

Med røter i nordisk folkemusikk, og gjennom sjangerleik og kreativ bruk av stemmer og feler har vi eit variert repertoar med ein karakteristisk-minimalistisk sound. 

Vi hentar inspirasjon frå naturlyder, vakre korklangar, klassisk kammermusikk, improviser musikk og frå kvardagslege fenomen i dagens samfunn. 

Repertoaret ein ein god blanding mellom eigenskrive materiale og tolking av tradisjonsmusikk henta frå heile Norden. 


I maskros utforskar vi moglegheitane som ligg i den noko tynne intrumentbesetninga vår. Vi dras mot og dyrkar det minimalistiske og nakne idealet. 


Det er fint å ha Maskros som ein slags musikalsk leikeplass der vi får testa mykje ulik musikk og idéar.

Det siste året har vi byrja å snuse meir på barokk og tidlegmusikk, og testar ulike måtar å kombinere dette med viser og skandinavisk folk. 


Ida er utdanna klassisk sanger ved Syddansk Musikkonservatorium og Fakultet for utøvande kunstfag i Stavanger, og Frida er utdanna klassisk fiolinist ved Fakultet for utøvande kunstfag i Stavanger, samt Barrat Due i Oslo.

PROSJEKTBESKRIVELSE 

Masterprosjektet mitt handlar om finurleg samspel og korleis eg finn mi rolle i ulike konstellasjonar, det er derfor delt inn i fire delar. Ein solodel, ein duo, ein trio og ein surrealistisk musikkteater-del. Alle delane inneheld tradisjonell folkemusikk i større eller mindre grad, samt improvisasjon, barokkmusikk, viser, samtidsmusikk, salmar, teater, tull og fjas.

 

Finurleg er eit ord eg har hengt meg opp i og som eg likar godt. Andre ord for finurleg er fiffig  eller snedig. Eg har eit mål om å vere ein finurlig musikar, ein som kan overraske litt og som får til å blande rare og fine greier. Det heng også saman med mitt ynskje om å bli ein god potet. Ein brei musikar, som kan vere til nytte i mange ulike samahhengar.


Det har vore viktig for meg å finne tilbake til den meir «ufarlige» måten å gjere musikk på. Eg har fundert ein heil del på kva som er utgangspuntet mitt for å halde på med musikk, og korleis eg kan finne mi greie og nytte mine styrkar. 

Leik, improvisajon, tøys og å spele saman med andre har vore viktige element for å ta ned presset på å utøve musikken. Og dette kjem igjen i dei fleste delane av prosjektet. 

 

Alle dei fire delane innafor masterarbeidet er prosjekt eg vil kunne fortsette å utvikle og jobbe vidare med etter eg er ferdig på Musikkhøgskulen. 

 

 

GRISEBAROKK

Å le, er det beste eg veit! 

 

Sidan eg var veldig lita har eg elska å være på og i nærleiken av scenen og teateroppsetjingar. Det å sy kostymer, sminke seg, lage kulissar og finne ut av scenografi har alltid vore så sjukt spennande! I oppveksten var eg veldig aktiv i ulike teaterlag og gjekk på dans fleire gonger i veka gjennom kulturskulen. Alt som handlar om å vere på og rundt ein scene er GØY, og derfor ville eg ha med Grisebarokk som ein av delane i masterprosjektet.


Grisebarokk er eit rom av galskap der to grisar spelar så vakkert dei kan på to fiolinar. Framsyninga er ei musikalsk og teatralsk reise i ei verd der griser, som for øvrig er intellektuelle dyr, både har sans for musikk og historie. 

Gjennom tøys, fjas og mykje fantasi vil vi presentere ulike typar gamal musikk for eit ungt publikum som kanskje ikkje har vore borti noko liknande før. Saman med min partner in grisebarokk-crime, Ester Thunander, lagar vi manus, kostymer, kulissar og ler. Vi ler noko heilt sjukt. 


Eg og Ester byrja å spele saman i 2022, med intensjon å å bli betre på bladlesing. Repertoaret bestod for det meste av barokkmusikk, og etterkvart fann vi ut at vi ville lage ei morosam barneforestilling. I denne delen av prosjektet får eg moglegheit til å spele musikk som ligg hjarta nært men i ein tullete teatralsk innpakning for barn. I mars 2025 fekk vi endeleg satt opp forestillinga på Riksscenen med Vegar Vårdal som produsent. 


«Kva er det for filurar som trillar fram? Dei luktar merkeleg. Er det mennekjer? Men dei har jo tryner, og klover! Det verker som om dei er grisar, men frå ca 1650-talet? Og høyr, så vakkert dei spelar!

Grisebarokk er eit rom av galskap der to filurar, som knapt klarar å te seg i møblerte rom, spelar så vakkert dei kan på to fiolinar og hardingfeler. Dei møtes kvar torsdag ettermiddag for te og spel imens de krøllete halene viftar i takt med basso continuo. 

Grisane har vanskar med å tilpasse seg denne verda der alt kretsar kring skjermar, plast og bacon. 

“Vi vil ha parukkar, akantus og terassedynamikk! Vi vil pudre oss på trynet dag inn og dag ut, og vi vil formidle dette til DYKK. Det er alt for korte låtar på Tiktok, no har grisane fått nok. Gull og cembalo, noko må gjerast no!”

Dei begge står dog innafor eit dilemma. Alle grisars skrekk er å bli til pølse, difor er denne høgkulturelle akt høgst naudsynt for deira overleving. Kan dei klare å lure menneskja til å spare deira stakkars barokk-liv? Dei to svina kjempar for å trollbinde publikumet med sitt spel og forsøk til gode manérar. Det står mellom liv og død. Berre suksess, stor applaus og rop om Da capo kan redde dei frå slaktehuset.»