Då eg søkte meg inn på master såg prosjektet mitt litt ansleis ut. Året før masteropptaket var eg solist med orkester på "Telemarkin" av Geirr Tveitt under opninga av Nordtradfestivalen i Lindemannsalen. Det var skikkelig stas, og ikkje minst utfordrande. Eg fekk blod på tann og tenkte at dersom eg skulle søke master så ville eg ha ei solistisk retining på prosjektet. 

Sommaren 2023 var eg så heldig å få vere solist med Norges Ungdomskor på deira turné både i Tyrkia og i Noreg, og det kjentes ut som at eg allereie var på god veg inn i masterprosjektet. Her ligg det litt videoar og opptak frå denne Turnéen.

Etter at masteren min tok ei litt anna retning og vart delt inn i fire, forsvann fokuset på det solistiske og meir i retning av samspelet. Men eg 
har valt å behalde ein liten solodel, der fokuset ligg i samspelet mellom meg og fela. 

 

Video frå siste konsert på turnéen med Norges Ungdomskor i Olso Domkyrkje sommaren 2023. Her speler og syng vi to småstubbar etter Trorgrim Brenna og Rønnaug Biløygard arrangert så utruleg vakkert av Martin Steinum Brun. 

Eg improviserar litt rundt Martins sitt arr. 

To øvingsopptak frå då eg var i startsfasen på Margit Hjukse av Eivind Groven. Planen er å framføret dette verket med kor på eksamenskonserten min. 

Eg bur i eit veldig triveleg kollektiv saman med komponist Evelin Lindberg og cellist Joanna Hanhikoski. Tidlegare i vår hadde vi ein huskonsert der vi presenterte verket "Konsert for fyra rum och stök". 
Her vart alle rom nytta slik dei bør, og publikum fekk følge etter oss igjennom leiligheita. 
Her er to korte videoklipp frå dass-satsen.


Som tidlegare nevnt har usikkerheit og redselen for å gjere feil tatt opp mykje dyrebar tid hos meg. Ein måte å handtere denne usikkerheita på har vore å leike meir med ulike former for utøving. 

Opptak av "Kantslått", eit verk av Bjørn Andor Drage for kor og fele. Opptaket er frå Oslo Domkyrkje og siste konsert på turnéen med Norges Ungdomskor.

Lite klipp av "Bruremarsj fra Sørfold" etter Susanne Lundeng arrangert for kor av Bjørn Andor Drage.