– With all this in mind, I have often been templated to put forth the paradox that any place is good enough to live a life in, while it is only a few, and those highly favoured, that we can pass a few hours agreeably.

 

Robert Lewis Stevenson (1874):

On the joyment of unpleasant places, 
`Portfolio´, Volume V 5, 

National Library of Scotland.

Nokre vil hevda at Vaksdal er ein stygg plass, og at styggast av alt er Vaksdal Senter. Vaksdal Senter kan, i følgje vaksdalingen Silje (eller var det søstera Jenni?) berre bli finare om det blir jamna med jorda. Eg er einig. Så går eg på eit stadssutviklinsmøte, og blir sitjande ved same bord som eldsjela Odd. Odd likar Vaksdal Senter. Å mista senteret til fordel for ein ny og betre europaveg er i alle fall ikkje noko tap, seier eg, men Odd seier at senteret er eit torg, eit midtpunkt, og så kjem KORO-prosjektet til bygda, og senteret endrar seg frå eit pinleg bulkete bølgeblekkbygg til eit geografisk midtpunkt. Odd har rett. Vaksdal Senter er eit torg, ein agora, eit knutepunkt. 

 

Vaksdal Senter er like stygt, men eg er stolt. Spesielt byrjar eg å bli begeistra for oppslagstavla. Første gong eg opplevde at bygda mi endra seg framofor augo mine, var då eg 17 år gammal fekk vener frå året på skuleskipet Christian Radich på besøk. Det var då voldsamt til trafikk, sa eg, då bil nummer tre for dagen passerte. Kallar du dette trafikk, sa vennina mi. Folk frå Molde, Bærum, Oslo elska heimbygda mi, Eidsland. 150 innbyggjarar. Eksotisk, full av sjeldne opplevingar, mangel på aktivitet. Sidan har eg opplevd fleire slike blikkskifte, opplevd at skam blir til stoltheit, stygt blir fint. Eg har glede av å sjå ein stad bli skapt på nytt gjennom andres blikk.

 

Creative Centre for Fluid Territories (CCFT) kjem på besøk til bygda, og eg blir merksam på fråværet av suvenirar. CCFT gjev meg moglegheit til å oppleva stader til ei viss grad som innsidar, eg eig alt Kypros gjennom Yiorgios lengsel, hans utbretting av kart, hans kjensler. 


Ein dag går eg av toget, og på parkeringsplassen sit ein lokal mann på ein kjøkkenstol og sveiser på bilen sin. Eg tenkjer på filmen Fucking Åmål. Fucking Vaksdal. Eg elskar deg! Fordi du er så ujålete, og gjev blaffen i å gjera deg attraktiv for sentrums blikk. Om du ønskjer å oppleva ein autentisk plass, dropp Preikestolen og Venezia, visit Vaksdal, men gjer det fort, før me ser at me blir sett på, og startar å gjera oss sjåbare. Autentiske plassar er eit paradoks; dei forsvinn i det dei blir oppdaga.