Tonalitet kan være eit skummelt tema i samtale med medmusikarar, i hovudinstrumentundervisning, i forhold til eiga utøving. Mange av oss har eit intuitivt forhold til tonalitet som er nonverbal eller intuitivt, men vi kan ha sterke meiningar. Er det så viktig å bygge eit verbalt språk? Og kva er konsekvensane av å eventuelt gjere det? Er tonalitet variabelt, er der ei eller fleire sanningar? Kva er eigentleg ein rein ters, ein kvarttone eller trekvarttone? Er det ord vi berre brukar, er det kopla fysisk til grep på eit instrument, eller er det kopla til våre indre gehør? Har vi likt indre gehør? Er det noko vi kan i teorien, eller er det del av vårt kunstneriske uttrykk? Vi arbeider med tonalitet kvar dag, og vi har språk utifrå vår musikk og referansar, men korleis snakke om tonalitet og bli forstått av andre, og korleis bli forstått på tvers av miljø? Om der er ulik måte å forhalde seg til tonalitet, korleis forhalde seg til tonalitet når ein student eller du sjølv vel å utøve musikk med ulik grunnstruktur/haldning inn til tonalitet?

Unni Løvlid og Marianne Baudouin Lie skal i vårt KU-prosjekt forske og skrive om tonalitet med ein musiker sitt perspektiv, med mål om å bli betre pedagogar og musikarar. Vi vil se på hvordan vi kan utvikle metoder for å skape en sterkere følelse for tonalitet og forskjeller i disse.

Metoden vi nyttar er å sette oss inn i ulik forsking på tonalitet, føre samtaler med forskarar og utøvarar, bestille nye verk med tonalitet som fokus, utforske om vi må nytte ulik innøvingsmetode inn til det enkelte verk, og å inkludere prosjekta i undervisning. Målet er at vi ved vår undring og høging av kompetanse, at vi og kan gjere våre studentar tryggare, høge nivå, refleksjon og slik være med og styrke studentane til sjølve å gjere sine kunstneriske tonale valg.