Bjørnar Habbestad, fløyter

Hild Sofie Tafjord, horn

Michael Francis Duch, kontrabass

Lene Grenager, cello

 

www.lemur.fm

INTRODUKSJON
Bjørnar Habbestad

Lemur spelar, skaper og kuraterer. Ensemblet arbeider som ein firehoda kropp, ei eining sett saman av sterke individ med eigne ambisjonar og agendaer. Lemuria er vårt fjerde verk i ein serie av prosjekt der titlar, konsept og strategiar frå det 20. århundre sin kunstmusikalske kanon blir omforma og gjenbrukt, i vårt bilde. Verket er ein konsertinstallasjon for ensemble, to songarar og live elektronikk, framført i ein spredt scenografi, for eit mobilt publikum. Verket vart bestilt av Borealisfestivalen og urframført i Grand Selskapslokaler i Bergen 10.mars 2017. I februar 2018 vart stykket sett opp på ny i Sverre Fehns paviljong på Nasjonalmuseet for Arkitektur.

Verktittelen ‘Lemuria’ peikar ikkje til ensemblet sitt namn, men til myta om den tapte øy-sivilisasjonen og tittelen på ein sats i Luigi Nono sitt verk “Guai ai gelidi mostri”. Lemur sitt ‘Lemuria’ låner ideen om øyer som ein samlande metafor frå desse kjeldene - og nyttar den som konsept for lyddistribusjonen i framføringsrommet, som ramme for plasseringa av musikarar og publikum og som kompositorisk strategi.

 

Tekstane, arkivmaterialet og dokumentasjonen som blir gjort tilgjengeleg i denne eksposisjonen er eit eit forsøk på å legge fram og reflektere over korleis me skaper saman, korleis me samarbeider med andre og korleis tidlegare samarbeidsprosessar påverkar nye. Tekstane om utviklingsprosessen er gruppert i bolkane konstruksjon, partitur, publikum, tekst, samarbeid og refleksjon. Dette er eit praktisk val, og speglar ikkje noko rekkefølge eller struktur i arbeidet vårt. Snarare tvert om er prosessane innvevde i kvarandre og i samtalane og forhandlingane som til ei kvar tid utspelar seg når me møtest, spelar, arbeider i studio, diskuterer på Skype eller førebur materiale til øving.

 

Tekstane er skrivne individuelt, på ulike tidspunkt, etter ein felles utarbeida disposisjon, for å bevare dei ulike forfattarstemmene. Dette som eit ekko av korleis me forhandlar om våre eigne prosjekt i vår eigen kunstnarlege kvardag. I etterkant har me forfatta ei kappe for å introdusere og samle nokre av trådane som har kome til syne i materialet. For å tydeleggjere det kollaborative aspektet i arbeidet vårt har me også inkludert eit knippe intervju med fleire av våre samarbeidspartnarar samt individuelle intervju med kvartetten. Me håpar at desse enkeltbitane tilsaman kan gje eit bilde av kva det vil seie å lage eit Lemuria.

 

 

LEMURIA (2017) : ein konsertinstallasjon for seks audio-øyer, fire instrument, to songarar og elektronisk prosessering.