Lemur spelar, skaper og kuraterer. Ensemblet arbeider som ein firehoda kropp, ei eining sett saman av sterke individ med eigne ambisjonar og agendaer, samstundes som alle har eit sterkt fokus på kreative gruppeprosessar. Lemuria er vårt fjerde verk i ein serie av prosjekt der titlar, konsept og strategiar frå det 20. århundre sin kunstmusikalske kanon blir omforma og gjenbrukt, i vårt bilde. Verket er ein konsertinstallasjon for ensemble, to songarar og live elektronikk, framført i ein spredt scenografi, for eit mobilt publikum. Verket vart bestilt av Borealisfestivalen og urframført i Grand Selskapslokaler i Bergen, 10.mars 2017.