Exposition

Fornuft og kjense - å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bach (last edited: 2017)

Ingrid Eriksen Hagen

About this exposition

en
For English version, see the exposition "Sense and Sensibility, performing music by Carl Philipp Emanuel Bach". 
I møtet med Emanuel Bach sin komplekse og uttrykksfulle musikk – med klavikordet, som er like intenst og nyanserikt som det er sart og lydsvakt – med tankane om musikalsk empati, der utøvar og lyttar saman opplever det sanne innhaldet og kjenslene i musikken – oppstår ein trong til nærleik, intimitet. Men kor nær kan me kome? Kor nær vil me kome? Nær nok til å høyre instrumentet. Nær nok til å forstå kva musikken seier – til å følgje med i alle dei vedunderlege svingane av – skarpt vidd. Djupaste alvor. Ømmaste kjærteikn. Boblande glede. Tanken som ikkje let seg – let … seg … – … Men så knirkar golvet. Nokon snur på seg. Klarar ikkje høyre. Kvifor speler ho så svakt? Klarar ikkje forstå. Så mange notar. Fryktelig fort heile tida! Kven var no eigentleg denne fyren – det er veldig lenge sidan han levde? Dette er refleksjonen i Ingrid E. Hagen sitt kunststipendiatarbeid. Med utgangspunkt i mitt personlege møte med Emanuel Bach (1714–'88) sin musikk og hans idear om musikalsk empati har eg utforska formidlinga til publikum, i all hovudsak på klavikord. Eg har arbeidd i spenningsfeltet mellom intimitet og avstand – prøvd ut ulike måtar å kome nærmare på og kjend på motstanden som oppstår i desse forsøka. Eg har oppsøkt menneske utanom den konvensjonelle konsertsituasjonen, på jakt etter det nære møtet for empatisk samoppleving av musikken. Eg har framført Bachs musikk utandørs, på museum, for menneske som ikkje forventa å oppleve levande musikk. Og eg har undersøkt relasjonar mellom musikk og språk, både strukturelle, utrykksmessige og kontekstualiserande. Dette har eg gjort for å betre mi eiga forståing og kunstnarlege innleving i stoffet, og for å finne ut korleis ulike vis å kommunisere og utnytte desse i formidlingssituasjonen kan forme opplevinga på ulikt vis. Gjennom arbeidet har eg vorte merksam på kor mykje ulike konsertformat eller andre presentasjonsformer påverkar kva publikum lyttar til i musikk, og slik kva dei får ut av den. Eg har arbeidd inngåande med ein del av Bachs klavermusikk, og spelt inn CD’en "für Kenner und Liebhaber" med solo klavikordmusikk. Saman med avslutningskonserten i Stranges Stiftelse i Bergen i november 2016 utgjorde CD’en stipendiatarbeidets kunstnarlege resultat. Min kunstnarlege metode har vore ein refleksiv prosess, der spørsmål blir undersøkt i forsøk, utforma i dialog med det faglege stoffet – det vere seg musikalsk, skriftleg eller kunstnarleg erfaring, i eit stadig forsøk på å kome nærmare. Denne ikkje-lineære arbeidsforma organiserte eg som «spor», og kunne slik arbeide med parallelt fleire problemstillingar som grip inn i kvarandre undervegs. Stipendiatarbeidet blei gjennomført på Griegakademiet, inst. for musikk innan Program for Kunstnerisk Utviklingsarbeid, og var finansiert av Universitetet i Bergen. Rettleiarar var professor Torleif Torgersen ved Griegakademiet og professor Maria Bania ved Högskolan för scen och musik, Göteborgs Universitet.

no
Fornuft og kjensle – å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bach 

typeresearch exposition
keywordsCPE Bach, clavichord, early music, empfindsamkeit, intimacy, concert setting, 18th century, HIP, 18th century fiction, sensitivity, music, musical expression, musical narration, Musical Syntax, musical communication, earlymusic
date23/05/2017
last modified15/11/2017
statusin progress
share statuspublic
affiliationNorwegian artistic research programme, Grieg Academy, University of Bergen
licenseAll rights reserved
urlhttps://www.researchcatalogue.net/view/292431/292432/4666/3578
connected toFaculty of Fine Art, Music and Design, University of Bergen

Simple Media

id name copyright license
320814 PKU-logo engelsk Program for kunstnerisk utviklingsarbed All rights reserved
320777 Credits Ingrid E Hagen All rights reserved
317936 UiB-logo Universitetet i Bergen All rights reserved
317935 Stipendprogram-logo Program for kunstnerisk utviklingsarbed All rights reserved
317934 Griegakademiet_logo Griegakademiet, inst for musikk All rights reserved
317851 Rulletekst loddrett Ingrid All rights reserved
314721 Klaviatur smalt Ingrid E Hagen All rights reserved
314719 Klaviatur Ingrid E Hagen All rights reserved
313952 Daniel speler klavikord Ingrid All rights reserved
313722 Foto av kake Ingrid All rights reserved
313721 EB noteutstilling med ballong Ingrid E. Hagen All rights reserved
358484 IMG_0503 Ingrid All rights reserved
360611 Fantasia1 I All rights reserved
360612 Fantasia2 Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360613 Fantasia3 I All rights reserved
360614 Fantasia4 Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360615 Fantasia5 Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360616 Fantasia referanse Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360630 CD Innhald Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360631 CD Metadata-side Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360634 SM med fotnoter s1 Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
360749 Fantasia _ - Edit6 - Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
365917 Fst HGkort I All rights reserved
365918 Fst HGlang Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365919 Fst HGlang Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365920 Fst Høgresving Ingrid Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365921 Fst HøgresvingHG Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365922 Fst Ingrid kort Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365923 Fst Ingrid lang Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365924 Fst Venstresving Ingrid Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
365925 Fst VenstresvingHG Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367397 Forside vAtle Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367398 CD-booklet Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
367399 CreditsBryggenEn Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367400 CreditsHanseatiskEn Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367401 Credits S&Men Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367402 CreditsChagallEn Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367405 CreditsBryggeNo Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367406 CreditsHanseatiskNo Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
367407 Credits S&Mno Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367408 CreditsChagallNo Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367409 Credits AroundTheClavichord no Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367410 CreditsSkjønnlitteraturNo Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367411 Credits AroundTheClavichord en Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
367412 CreditsSkjønnlitteraturEn Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
398123 3 E. Grieg_ Fjeldslåt op. 19 (Folkelivsbilleder) nr. 1 Ingebjørg Lothe All rights reserved
398124 Andante i g-moll Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
398125 Rondo i C-dur Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
398126 Sonata i A-dur Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
398127 Sonata i e-moll stor Ingrid E. Hagen 2016 All rights reserved
402555 Ekstra smalt klaviatur Ingrid All rights reserved
403110 Andante i g-moll kjegler Ingrid All rights reserved
403111 Grieg Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
403112 Rondo i C opning Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
403113 Rondo i C voldsom oppgang I i All rights reserved
403114 Rondo i C voldsom oppgang II Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
403115 Sonate i A tenuto Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
403119 Fantasia allegretto I All rights reserved
403123 Rondo i C tempo opp og ned Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
404626 FKMD_UiB_Logo_1_Avs_No_CMYK_Sort KMD UiB 2017 All rights reserved
404628 FKMD_UiB_Logo_1_Avs_No_CMYK_Sort KMD UiB 2017 All rights reserved
404631 FKMD_UiB_Logo_1_Avs_No_CMYK_Sort-kopi KMD UiB 2017 All rights reserved
405312 Fantasia-allegretto Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
405313 Sonata i A-dur eksempel Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
405314 Sonate i e-moll, siste sats Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
405315 Fantasia opning Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
405940 Disposisjon lenkjer Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved
405941 Disp thumbnail no Ingrid E. Hagen 2017 All rights reserved

Comments are only available for registered users.