Øyvind Torvund om Det abstrakte i folkekunsten:


Dette stykket har ulike innfallsvinklar til ideen om å spele folkemusikk på piano. Det finst ein konseptuell innfallsvinkel, med bruk av kassettspelar, der pianisten er bedt om å spele inn ein sekvens på kassett, og bruke denne kassetten som om ho prøver å lære/imitere det ho høyrer på kassetten. På same måte som mange typar folkemusikk har blitt lært vidare på, med utgangspunkt i å høyre på gamle meisterar på spoleband.

Det finst sekvensar som er inspirert av boka til Mikkel B. Tin: «De første Formene», som ser forbindelsar mellom modernistisk abstrakt formspråk i billedkunst og folkekunst, og at det abstrakte har vore tilstades i lang tid. Det abstrakte har kunna representere det uforståelege i tilværelsen, noko heilag. Han ser særleg ei forbindelseslinje mellom ulike former for abstrakte mønstre i broderi og dei geometrisk abstrakte bildene til den russiske malaren Kasimir Malevitsj (1879-1935).

Med utgangspunkt i denne visuelle linken mellom abstrakte mønstre i folkekunst og modernistiske maleri, ville eg at ein del av stykket skulle handle om desse størrelsane eller begrepene i musikken. Det å kunne komponere totalt abstrakte pianoteksturar, som likevel kunne relaterast til folkekunst, var ein fin tanke. Ikkje bare for å prøve å sjå med friskt blikk på kva «folkemusikk» kan tyde idag, men også fordi ideen om det opprinnelege, ideen om ein arkaisk abstraksjon, at det finst ein arkaisk versjon av det me kategoriserer som modernisme er veldig fascinerande.

Det abstrakte i stykket er enten punktmusikk, (teksturar utan tradisjonell fraseforståelse, melodikk og rytmikk), skalabevegelser oppover, (som analyse eller forenkling av ein kompleks tekstur) eller abstrahert slåttemusikk. Enkelte plasser i stykket høyrest utdrag av ein pols og ein rammeslått som blir besvart av pianisten. I pianosvaret har det rytmiske og dynamiske i frasen blitt applisert på ein atonal figurasjon, ein «bastard» mellom slåttefrasen og eit atonalt tonespråk. Elektronikken i desse abstrakte sekvensene er spelt på ein Doepfer modulær-synth.

Det finst også melodiske element her, særleg i siste sekvens, «Bølgeslåtten», der Ingfrid har spelt inn variasjonar av den same linja fleire gonger oppå kvarandre, og der fargen av fleire lag med kassettlyd er tydeleg.
I live-versjonen av stykket blir bildene som har inspirert musikken projisert på lerret i takt med musikken, i skalabevegelsene er det tilhøyrande fargeskalaer, i ein slags 1:1- relasjon mellom bilde og lyd.