TRADISJONER PÅ SPILL // DEL I // TRI VENDOR YVER ELVI

FORSIDE             DISKOGRAFI             BIBLIOGRAFI

<

 

 

Tri vendor yver elvi

 

Hva betyr det for utøveren hvor musikken kommer fra? Slåttene og folketonene kommer fra noe mytisk, mystisk, skjult, gåtefullt. Fra bak fossen, en sildrende bekk, drømmer eller den andre siden. I den gamle folketradisjonen unndrar musikken seg et menneskelig opphav. Musikken tilhører ingen og alle.


«Ein gut frå garden Malmanger i Rosendal var i fjellet og leita etter gardshesten. Men komen på viddi, vildra han seg bort og vart uteliggjande. Og trøytt som han var, slengde han seg ned og tok til å sova. Fram mot dagsprett vakna han. Og opp i undring vart han, då han såg at det låg ei freistande fin gjenta i armen hans. Men han dorma snart atti. Og då han rådde med seg og såg på den sida der gjenta skulde liggja, låg det berre ei hårfletta i armkroken hans. Fire år etter dette hendet heldt guten brudlayp. Og brudeferdi laut ganga den ulende vegen frå Malmanger til Kvinnherad-kyrkja. Då høyrde dei det let og ljoma so tirlande fint opp i Malmangernuten; det var so fin ein brudeslått. Spelemannen høyrde slåtten so grant, han og. Han lærde slåtten og spela han jamt sidan.»1

 


«Lars Hjeltnes var te støls etter kløv. Best som han rusla yver ei elv, ljoma det feletot ikring honom. Han tenkte det munde vera ei sansevilla og snudde attende. I alt gjekk han tri vendor yver elvi, men slåtten fylgde honom. Det var ein huldreslått, og sidan lærde han honom til ein spelemann i bygdi.»2

 >