Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singulariteter og det felles delte i dans utforskar koreografiske metodar og prosesser for bruk av arkiver i dans. Korleis kan koreografi eksistere som ein singularitet, som eit objekt som synleggjer historiske dansearkiv, observasjonsmodaliteter og arkiver av oppgåver og situasjonar? Kva om koreografi ikkje handlar om å finne opp nytt materiale, men om ein prosess av å komponere, arbeide med og synleggjere eksisterande materialar og relasjonar? Forskinga har utvikla seg langsetter to aksar. Den første aksen eg identifiserar er den intersubjektiviteten som ligg i koreografiske prosesser. Meir presist undersøkjer eg korleis skape ein produktiv læringssituasjon i arbeidet mitt der det vi produserer veks fram mellom meg, som koreograf, og utøvaren, og samarbeidspartneren, og korleis staden, konteksten og situasjonen fungerer som samskapande materialar i det kunstnariske arbeidet. Den andre aksen i forskinga mi, intertekstualitet, speglar interessa mi for eksisterande materialar, funne dansehistoriske arkiv, funne former for komposisjonar og observasjonsmodalitetar, og å forstå og nærme seg desse som det av vårt felles delte.
