«Tryllespel – å utforske, spore av frå og spinne vidare på det improviserte førespelet på hardingfele» har vore eit doktorgradsprosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid innan norsk folkemusikk gjennomført ved Norges Musikkhøgskole i perioden 2021-2025. Som hardingfelespelar med bakgrunn frå hardingfeletradisjonen på Vestlandet, har eg kjent på eit ønskje om å utvide eige spelerom, og i større utstrekning inkludere improvisasjon i spelet mitt. Dette har ført meg inn i ein prosess, og ei søking etter å sameine tradisjonen, instrumentet, eigen estetikk og musikalitet i musikken som faldar seg ut gjennom improvisasjon som metode. Eg har leita etter materiale, haldningar og arbeidsmåtar som kan gje det klingande resultatet ein folkemusikalsk individualitet og ein personleg identitet.
Denne eksposisjonen er sluttrefleksjonen til prosjektet. Den skildrar arbeidsprosessen og tilhøyrande refleksjonar, som ei reise og ei søking innover i eigen tradisjon, og utover mot nye landskap. I korte kapittel kan du følgje meg gjennom leitinga, utprøvingane, undringa, tvilen og brytningane som har funne stad når eg har stilt meg spørsmålet om korleis eg vil at musikken min skal låte.
Prosessen har ført med seg grubling, leiting og fundering kring kva improvisasjon kan forståast som i min situasjon, korleis og kva eg vil føre vidare i min eigen tradisjon, og kva eg vil og kjenner eg kan ta inn frå andre tradisjonar når skaparkrafta dreg meg vidare utover. I prosessen har eg lagt merke til skilnader i haldningar mellom tradisjonar. Det har skapt tankar hos meg kring lyttefokus, forholdet mitt til lyttaren, og skilnader mellom improvisasjon solo og i samspel.
Kjernearbeidet, dei fleste utforskingane og grublingane har funne stad i og gjennom solospelet. Samstundes har eg søkt utover til andre skapande utøvarar og komponistar for å utvide eiga forståing, bryte haldningar og utfordre meg sjølv. Samspel har vore viktig for ei heilskapleg utvikling. Det har vore ein metode som ytterlegare har generert idear og nytt materiale, gitt inspirasjon.
Viktige spørsmål som har vore med meg gjennom denne reisa har handla om kva materiale, arbeidsmåtar og haldningar i hardingfeletradisjonen eg vil nytte i improvisasjonane mine, og korleis eg vil nytte dei. Det har også handla om kva anna materiale, arbeidsmåtar og haldningar eg vil legge til for å setje eit større personleg preg på improvisasjonane. Og det har handla om kva avgrensingar og rammer som er fruktbare for improvisasjonane mine i det som er blitt eit møte mellom tradisjonar, materiale, arbeidsmåtar, haldningar, instrumentet mitt, smaken min, musikaliteten min. Arbeidet har resultert i følgjande kunstnarlege resultat:
«Lende»
Verk av Gro Marie Svidal, Ole-Henrik Moe og Kari Rønnekleiv.
Konsert 14. mai 2025
Soloimprovisasjon på hardingfele, duo-improvisasjon med Hilde Marie Holsen (trompet, live elektronikk), duo-improvisasjon med Silje Onstad Hålien (dans), samt urframføring av verket «Lende».