Å gje seg av inn i improvisasjonen

***

 

Open for tildriv
Snar til å følgje hugskot

 

I sekken ligg utkast til materiale, metodar for variasjon, utviding og omforming av materiale, eit medvit kring balansen mellom delane, magekjensle for tid, erfaring og minner frå tidlegare improvisasjonar.

 

Eg byrjar roleg.
Veit ikkje sikkert kvar eg skal gå, kor langt eg skal gå, kor lenge eg skal gå.
Veit ikkje kva eg vil finne undervegs.

 

Dei første tonane er fylt med spenning og forventning.
Får eg ein god start?
Kan kjenne ei uro for at sekken ikkje er godt nok pakka.
Veit at ein aldri kan vere fult budd på det som ligg føre.

 

I rolla som vegvisar bestemmer eg når det er tid for å gje seg i ro, dvele ved eit materiale, ta inn, undersøke, betrakte.
Så rakst vidare.

 

I landskapet som kjem til syne søker eg detaljane.
Undersøker variasjonar i materiale med små, små endringar.

 

Eit føreslag, vert til ei kort trille, blir til ei lang trille, flyttar seg til ein ny tone, vert svak, vert sterk, endrar tekstur. Så kort tilbake til føreslaget, den korte trilla, men ikkje akkurat slik den var første gongen.

 

Slik flyttar eg meg fram gjennom landskapet. Som steinane i råka, ulike men likevel like. Terrenget er gamalt og nytt. Kjend og ukjend. Eg ser ei retning.

 

Ein fugl flyg brått.
Eg vaklar, sansar meg. 

 

I mindre enn eit millisekund har ei uføresett hending på instrumentet, eit skjær med bogen, ei mikrotonal endring av tonehøgde, endra farge og form på landskapet. Raskt bestemmer eg meg for å bli her, undersøke, betrakte.

 

Kjende mønster kjem til syne

 

Fingrane har gått denne vegen før. Kombinasjonane er som mønster i ein vev. Eg følgjer mønsteret. Kjensla av kvar eg skal sit i kroppen. Fingrane finn intervalla som får heile fela til å synge, syner fargane i felestille. Overtonane slår mot kroppen. Det løftar seg opp, opp mot taket. I ein augneblink er eg med der oppe, oppe under taket.

 

Så vidare. Den eine fingeren plassert litt utanfor mønsteret. Medvite. Som ein liten variasjon. Men også som eit frampeik. Noko nytt kan kome. Men ikkje enno. Tilbake til mønsteret. Så eit nytt utskjer. Denne gong vert eg der. Ei ørlita endring. Løyser opp den gode vibrasjonen. Nytt landskap. Nytt fokus. Undersøkjer det fysiske i dissonansen. Lar lydbølgjene slå mot øyret. Lyttar etter korleis dei treff kroppen. Kjenner eit behag i ubehaget. Krafta i kreftene.

 

***