Tradisjon

Eg ser og forstår den norske hardingfeletradisjonen utifrå erfaringar frå innsida av kulturen den er del av. Etter fleire år med utdanning og tileigning av teori, er bildet også farga av andre sine betraktningar.

 

For meg heng kulturen og tradisjonen tett saman. Kulturen med sine haldningar, verdiar, personar og hendingar. Tradisjonen med rammer og moglegheiter der musikken er avtrykk og uttrykk for både kulturen og tradisjonen. Kulturen er tradisjonen og tradisjonen er kulturen. Samansmeltinga gjer det vanskeleg å sjå tradisjonen aleine. Derfor er også tradisjonen for meg, personar; læremeistrar og andre utøvarar. Den er hendingar, kjensler. Den er handverk, ferdigheiter, kunnskap. Respekt. Takknemlegheit.

 

Tradisjonen er også geografiske områder, musikalsk slektskap over fjord og fjell, kryssingar over landegrenser. Den er alle og ein. Den er gjentaking og endring. Den er kropp og den er sinn. Den er bevisst og ubevisst.

 

Tradisjon byggjer på eit sett med reglar. Er det ingen reglar, er det ingen tradisjon skriv Mikkel B. Tin (2011) i boka Spilleregler og Spillerom. (s 39). Kva består reglane av? Pianist Ingfrid Breie Nyhus definerer reglane i ein utøvande tradisjon som materiale, måtar og haldningar. Materiale kan vere motiv, mønster og former. Måtar kan vere arbeidsmetodar, gjeremåtar og aktivitetar. Haldningar kan vere verdisett og ideal (2022). Eg kjenner meg igjen i denne framstillinga.

 

Eg opplever å stå midt i tradisjonen, og på sett og vis vere tradisjonen. Men, slik eg forstår Tin når han refererer den franske fenomenologen Maurice Merleau-Ponty, er ikkje tradisjon ein lagnad som er fastsett for ein. Det ligg til grunn eit medvite val om å følgje eller å bryte med tradisjonen. Tin skriv: «Det er gitt meg som en mulighet å gå inn i tradisjonen, og dermed manifestere at mine omstendigheter ikke bestemmer over meg.» (2011, s. 18). Det er vanskeleg å fult ut kjenne fridom til å velje når tradisjonen knyter seg sterkt til kulturen, menneska og identitet min. Eg er fødd inn i kulturen og tradisjonen var ikkje eit medvite val for meg då eg byrja spele. Det er i vaksen alder eg er blitt merksam dette valet.

 

I hardingfeletradisjonen er det noko som er felles og noko som er særmerkt kvar einskild. Repertoaret av slåttar kan vi sjå på som felles. Det særmerkte kan vere fargen på tonen til ein utøvar skapt av samspelet mellom kropp, instrument og teknikk. Det kan vere utføringa av ornament og variasjonar i motiv. Det gav resonans i meg å lese Ingfrid Breie Nyhus si framstilling av tradisjon når ho refererer til den russiske språkteoretikaren og litteraturhistorikaren Mikhail Bakhtin:

Dette betyr også at i ei framføring av ein slått, kjem andre sine framføringar til syne. Mitt spel er ei vidareføring av måten tidlegare felespelarar har spelt. I framføringa mi ligg det både fortid, notid og framtid. Merleau-Ponty nemner det å ta opp igjen noko frå fortida og føre det vidare som reprise og projet. Tin har oversett Merleau-Ponty til norsk og skriv: «den levende nåtid er splittet mellom en fortid som den gjenopptar, og en fremtid som den utkaster» (2011, s. 18) 

 

I overføringa mellom fortid, notid og framtid skjer traderinga. Tradering vert i slåttespel forstått som ei vidareføring av slåttar og spelemåtar mellom generasjonar eller i ein og same generasjon. I traderinga finn det stad ei utvelging, ein seleksjon, anten medvite eller umedvite. Noko vert ført vidare, andre ting vert liggande att. I traderinga ligg det ein aksept for den enkelte sin kunstnarlege fridom. Ein fridom til å velge kva ein tar opp igjen, og ein fridom til å farge utkastet ein så fører vidare inn i framtida.

 

Den som vel å føre vidare ein tradisjon vel å respektere et sett med reglar, og lar samstundes nokre av reglane vere førande for nokre av vala ein tek. (Tin, 2011, s. 39) Kva reglar og kor mange reglar som må takast opp att for at ein tradisjon vert ført vidare, er opp til individa og grupperingane i tradisjonen å definere. (Blom, 1993, s. 14)

 

Eg formar musikken utifrå korleis eg opplever spelerommet i tradisjonen, og korleis eg forstår reglane. Eg formar den utifrå den opplevde plassen min i kulturen, og utifrå den til ei kvar tid opplevde opplevinga av rolla eg har i kulturen som elev eller meister. Som sjølvstendig eller del av eit fellesskap. Men eg er også del av fleire kulturar, og alt etter kva rolle eg går inn i, formar eg musikken etter rolla, kulturen, forventningane og tradisjonen eg ønskjer føre vidare. Eg bevegar meg mellom to ytterpunkt, mellom repetisjon og nyskaping.

Tradisjon kan samanliknast med eit spel. Eit spel krev ein overeinskomst, ein konvensjon. Denne overeinskomsten gjer det mogleg å utøve eit samspel. Tradisjon kan forståast som eit spel der spelarane spelar meir saman enn solo. Tin skriv: «For på en helt grunnleggende måte dreier spill og tradisjonsbasert kunst seg nettopp om samspill» (2011, s. 45).

 

I dette prosjektet har eg kjent på dualismen mellom å vere tradisjonsutøvar knytt til eit tradisjonsmiljø, og å vere musikar innanfor ein akademisk institusjon og eit program som set visse krav. Krav som til tider strir mot haldningar i tradisjonen. Tin skriv også om dette:

Hardingfeletradisjonen er alltid i rørsle. Endringar finn stad umedvite som resultat av gløymsel og modning over tid, og medvite gjennom bevisste val. Likevel står tradisjonsutøvaren i ein kontinuitet (Blom 1993, s. 10). Dialogen bakover og framover i tid gjer tradisjonen dynamisk.

For Mikhail Bakhtin er språket halvt felles og halvt individuelt. Språket er delvis felleseie, gjennom det aller kjenner, det som er delt og gir oss mulighet til å forstå hverandre. Og språket er delvis individuelt, gjennom det som er særegent og unikt for dette mennesket, hittil ukjent for andre. (2022)

Tradisjonen er basert på en overenskomst som åpner for visse handlingsmønstre og utelukker andre. Det innebærer på sin side en viss forutsigelighet, en viss gjenkjennelighet, som stemmer med reprisen som prinsipp. Men reprisen er bare utgangspunktet for det prosjektet som det innebærer å artikulere seg som individ. (Tin, 2011, s. 39)

For den akademiske kunsten helt fra renessansen har målet vært, og er ennå, å artikulere enkeltmenneskets skapende frihet. Vi kjenner den betydningen kunsthistorien tilkjenner de epokegjørende kunstverkene; det er de verkene som mest radikalt har brutt med tradisjonen, som klarest vitner om en kunstpersonlighet, og som mest ettertrykkelig har sett spor etter seg i historien. (s. 45)

 

«Det er jeg som får den tradisjonen til å eksistere for meg som jeg velger å gjenoppta» 
(Merleau-Ponty, 1945, referert i Tin, 2011, s. 17).

 

 

«Tradisjonen er denne tilstedeværelsen i nåtiden av en fortid som jeg ikke trenger å erindre bevisst. Når jeg først har valgt den og tilegnet meg den, virker den i meg uten at jeg tenker på den»
(Tin, 2011, s. 38).