Ein signatur er eit særdrag som kjenneteiknar noko eller nokon. (Språkrådet & Universitetet i Bergen, 2025). I litteraturen kunne eg lese at førespelet var som signaturar (Bjørndal & Alvær, 1985, s. 107). For meg er signaturar det som i tradisjonen er individuelt. (I. B. Nyhus, 2022)
I slåttespelet, slik eg kjenner det, kjem det individuelle til syne i det som ein ikkje rår over, til dømes klangfargen som kroppen og instrumentet skaper saman i møte med teknikken eg har utvikla. Det individuelle kjem også til syne i estetiske val, avgrensa til visse detaljar innanfor rammene til slåtten.
I høve til hardingfeletradisjonen er det individuelle til dømes delar av materiale eg nyttar. Det kan også vere delar av måten eg behandlar materiale. Eg opplever at ein utvida teknikk, vert min signatur då teknikken og lyden den får fram, ikkje er felles i tradisjonen. Løftar eg bogen frå strengen og skapar luft mellom motiva, blir det del av signaturen min då denne måten å behandle materialet ikkje er felles i tradisjonen. Nyttar eg mengder med repetisjonar, vert det ein del av signaturen. Det er heller ikkje felles i tradisjonen. Haldningar og arbeidsmåtar eg legg til frå andre tradisjonar, blir også ein del av signaturen.
***
Førespelet er som eit flyktig møte. Forma er både bestemt og open med ei beingrind av ornament, dobbeltgrep og kviletonar som instrumentet set rammene til. Mønster av strøkfigurar og fingersetjing breier seg ut. Ein leik med instrumentet, ei prøving av dagsform. På sekundar opnast døra på gløtt og ein ser inn til eit anna menneske. Til syne kjem ideal, lynne, særtrekk, førebilde, evne og estetisk smak.
Slik blir dei ståande som signaturar.
***