Av Sigmund Eikås har eg lært at ein skal meine det ein gjere. Ein skal stå inne for vala ein tek. Det tyder at ein må våge stå fram, ta plass. I slåttespelet står eg fram og tar plass, men eg står der aldri aleine. Eg står der saman med alle som har sått der før meg. Eg meiner saman med alle som har meint noko før meg. Eg meiner det eg gjer i eit fellesskap, eg meiner slik tradisjonen meiner, slik reglane legg opp til.
I møte med nye tradisjonar, og i utvidinga av min eigen estetikk, har eg sakna fellesskapet. Eg har mangla linjer bakover i tid og utover utanfor meg sjølv. Eg har kjent meg aleine. Når en kjenner ein tradisjon godt, er det lett å ta val i høve til den. I møte med nye tradisjonar, har eg funne det vanskeleg å ta val i høve dei nye tradisjonane då eg ikkje har kjent dei godt nok. Eg har måtte ta val utifrå meg sjølv. Samstundes har eg freista byggje eit fellesskap gjennom å spele, lese, lytte og samtale om improvisasjon. Personane eg har møtt gjennom dette prosjektet har blitt viktige i arbeidet med å byggje fellesskapet eg sakna.
Å stå aleine, å meine det ein gjere aleine, og ta plass aleine har vore krevjande. Gnissingar har oppstått i meg i val mellom kva haldningar eg skal følgje. Om det er haldningar eg har med meg frå hardingfeletradisjonen, om det er haldningar eg har tileigna meg frå andre tradisjonar både før og undervegs i dette prosjektet, eller om det er haldningar som har smelta saman og blitt mine. Eg har ønskt å ta utgangspunkt i hardingfeletradisjonen, men eg har opplevd at den ikkje alltid har strekt til.
Å stå aleine har også utfordra motet mitt. Det har utfordra korleis eg i samspel har freista ta initiativ, kome med tildriv, vere tydeleg. Det har stått fram som ei gnissing mellom ei opplevd forventning om å ta plass, kome med initiativ, vere tydeleg, og behovet for å få lov å trø varsamt, leite, vere usikker. Etter kvart som eg har fått erfaring, etter kvart som kjennskapen til andre tradisjonar har bitt større, og etter kvart som haldningar, materiale og arbeidsmåtar har funne plass i meg, har motet auka. Eg er blitt tydelegare.
Eg har kjent gnissingar og fortviling over å måtte forkaste noko av det eg har hatt med meg for å få tilgang til noko nytt, eller annleis. I undersøkingane saman med Silje Onstad Hålien, har eg opplevd å ende utanfor dei estetiske rammene i slåttetradisjonen. Det å bevege seg rundt med fela i handa, slik eg kan gjere saman med ho, medfører til dømes mindre teknisk kontroll. Toneklangen vert endra. Eg lyt gje slepp på den tradisjonelle klangen for å bevege meg slik samspelet med Silje kan by inn til. Kanskje vil desse gnissingane forsvinne med meir trening. Kanskje vil eg med meir øving, i større grad kunne velje mellom toneklangar også når eg bevegar meg.
Eg har kjent gnissingar og motstand til å endre i det tradisjonelle materiale. I ein workshop der Silje og eg arbeidde med improvisasjon over slåtten «Har du ikkje hoppa», bygde eg improvisasjonen kring ein attakk som ligg latent i slåtten. Eit stykke ut i improvisasjonen endrar eg frå å spele enkelttonar med dette attakket, til å spele lengre frasar av slåtten. Slåtten kom tydeleg til syne, vart attkjenneleg. Attakket låg der og lurte, og saman med ein mindre estetisk korrekt toneklang, kjende eg brått ei sterk motstand. Det var som eg øydela slåtten, at eg laga ein dårleg parodi på den.
I improvisasjon som spring ut og hentar referansar frå den frie improvisasjonen, kan eg oppleve at det ligg implisitt å søkje mot, og å teste ytterpunkt, grenser, komfortsone. At ein gjer det, ikkje fordi musikken treng det, men for erfaringa og opplevinga det gjev utøvar og lyttar, kan for meg i blant opplevast påtvinga. Kommentarar eg har fått undervegs i prosjektet frå utøvarar innan fri improvisasjon, peikar på at eg ikkje har eksperimentert nok, at eg ikkje har vore kontroversiell nok. At eg ikkje utfordrar meg sjølv nok.
Utgangspunktet mitt er ikkje å bryte grenser. Eg søkjer å skape musikk som spring ut frå tradisjonen eg er så glad i. Eg vil ta med meg vidare det beste i tradisjonen. Eg improviserer ikkje for å frigjere meg frå den. Eg improviserer for å skape med, og i den.
Avstanden mellom ytterpunkta, mellom det sterke og det svake, mellom det mjuke og det skarpe, det enkle og det komplekse, kan i den improviserte musikken vere stor. I slåttespelet opplever eg at avstanden mellom ytterpunkta er mykje mindre. Gjennom prosessen har dette blitt gnissingar i meg, gnissingar mellom estetikkar, mellom tradisjonar.
Det store moglege spekteret av uttrykksmåtar, fargar og kjensler var det som tiltalte meg og fekk meg nyfiken på improvisasjon. Eg har måtte strekke meg mot det for å finne ut kvar på spekteret eg vil vere. Gnissingane eg opplever kjem frå respekten for hardingfeletradisjonen, og ønskje om å ta utgangspunkt i den. Dei oppstår i grenselandet mellom meg og det eg har med meg, det eg vil føre vidare og det nye utkastet eg vil ta med inn i framtida.