I det kunstnarlege utviklingsarbeidet «Tryllespel», har eg fletta saman element frå min eigen hardingfeletradisjon med idear henta frå møter og samspel med eit utval utøvarar og komponistar utanfor tradisjonen. Med improvisasjon som metode, har eg søkt etter å skape musikk med ein folkemusikalsk individualitet og ein personleg identitet. Nøkkelen for meg, har vore å ta utgangspunkt i førespela på hardingfele.
Eg har undersøkt førespelet gjennom å lese om, lytta til og lære meg førespel. Eg har skapt eigne improviserte førespel og brukt dei som førespel, mellomspel og etterspel til slåttar. Eg har også undersøkt førespelet som sjølvstendig eining fråskilt slåttane. Til slutt har eg i samarbeid med Ole-Henrik Moe og Kari Rønnekleiv skapt verket «Lende», eit førespel som utforskar førespela.
Som del i å undersøke improvisasjon som metode, har eg i tillegg til å undersøke førespela, undersøkt tradisjonelle variasjonsmetodar og slåttemotivet. I to samspelsprosjekt, eit med Hilde Marie Holsen og eit med dansar Silje Onstad Hålien, har eg undersøkt og testa ut, idear frå soloimprovisasjonane mine. Samspela har generert idear, erfaringar og refleksjonar som har gjeve mat attende til solospelet.
På svært mange måtar har dette prosjektet vore ein bli-medviten-prosess. Eg har blitt medviten sider ved min eigen tradisjon, og mitt eige spel eg tidlegare ikkje var merksam på. Førespelet har openberra seg, ein løynd improvisasjonspraksis har stige fram. Fingermønster har kome til syne, ibuande strøkmønster og variasjonsmetodar, løynde kontrastar mellom detaljane i slåttemotivet, måtar å balansere bogen på strengen, motivet sitt endra uttrykk når rytmen vert tatt bort, lyttefokus som skiftar.
Motivet som var den minste forståelege samansetjinga, er blitt forbigått av ristetaka, ornamenta, dobbeltgrepa. Dei har fått status som sjølvstendig materiale. Under ein improvisasjon kan eg arbeide med dei i lengre strekk.
Hardingfela har utvida seg. Som eg skildrar i kapitla den utvida hardingfela, teknikk møter instrument møter meg og den preparerte hardingfela, har den utvida seg lydleg. Den har også strekt seg ut over slåttespelet, og tatt plass i improvisasjonen slik eg har tatt eit musikalsk steg inn mot improvisasjonsfeltet.
Slik slåttemotivet slynger seg fram gjennom landskapet, har eg ein tendens til å skape transformasjonar, mjuke, nesten usynlege overgangar. Å oppdage at ein utan å merke det er komen inn i eit nytt landskap, fasinerer meg. I undersøkingane mine har eg freista utvide dei kompositoriske verkemidla mine til også å inkludere brot og pausar.
Eg har undersøkt, og øvd på å redusere instrumentet ved å tynne ut klangen, spele på ein streng om gongen, fokusere på bestanddelane i det tradisjonelle førespelet og i motivet. Eg har undersøkt det å dvele ved, dra ut i tid, repetere for å få fleire kompositoriske verkemiddel til rådigheit.
Form og dei kompositoriske sidene ved improvisasjonen som metode, har følgt meg gjennom heile prosjektet. Dersom eg skulle gjere prosjektet på nytt, ville eg komponert solostykke til meg sjølv for verkeleg å undersøke dramaturgi og verkemidla sin verknad. Eg trur det å komponere kan tilføre improvisasjonsferdigheitene vitskap og gode erfaringar.
I prosessen har fellesskapet og det individuelle vore i bryting mot kvarandre. Fellesskapet som representant for tradisjonen og miljøet tradisjonen er del av, menneska og hendingane der. Det individuelle som representant for meg som kunstnar og skapar av det særeigne. Det har vore eit stort personleg steg å skape og ta val i så stor grad utifrå eigen estetikk. Det skil seg vesentleg frå å skape sin eigen signatur innanfor tradisjonen slik eg kjenner det frå slåttespelet. Tankar om kven som styrer vala mine, kva som påverkar meg, og når, har kome til syne.
Av Sigmund Eikås har eg lært at eg skal meine det eg gjere. Det er lett å meine det ein gjere når ein veit det er innanfor reglane i ein tradisjon, og når ein har ein læremeister som støttar ein i vala ein tek. Det er tyngre å ta val når ein veit dei bryt med reglane i tradisjonen ein er glad i. Samstundes har det i prosessen kome til nye fellesskap som såleis litt etter litt, tek vekk kjensla av å stå aleine.
Å vere tradisjonsutøvar innanfor eit akademisk system, er motseiande i seg sjølv. Forventningane innanfor akademia til nyskaping og individualitet, bryt mot fellesskapet i tradisjonen. Spelet som er kome ut av denne brytinga er for meg det mest personlege eg nokon gong har skapt. Det står fram som ein signatur.
Eg erkjenner å vere del av fleire felt, påverka av fleire uttrykk. I skaparkrafta kjem det såleis til syne dragningar ut over tradisjonen. Ytre og indre tildriv har skapt eit ønskje i meg om eit større spekter å uttrykke meg innanfor, eit ønskje om meir materiale å skape med, fleire arbeidsmåtar å nytte og fleire haldningar å ta utgangspunkt i. Samstundes har eg hatt eit sterkt, nesten dogmatisk ønskje om å halde meg innanfor tradisjonen sine reglar, finne alle svara der. Fordi eg er så glad i materiale og arbeidsmåtane hardingfeletradisjonen byr på, har det vore ambivalent å gå utanfor. Det har skapt sterke gnissingar i meg.
Boka Spilleregler og Spillerom av Mikkel B. Tin har i denne prosessen vore med å klargjere eigne tankar kring mi forståing av tradisjon. Den har hjelpt meg til å sjå tradisjonen utanfrå, som ein betraktar eller observatør. Når tradisjon og miljø for meg heng så tett saman, har det vore til hjelp å flytte meg bort frå tradisjonen eg står midt i.
I tradisjonane eg har henta inspirasjon frå, opplever eg at det vert malt store bilde med sterke fargar og kontrastar. I slåttespelet ligg kontrastane finsleg plassert i detaljane, nesten umogleg å få auge på. Det er eit stort sprang mellom estetikkane. Å trene på å male med sterke fargar, og store kontrastar, har resultert i større spekter av uttrykksmåtar, fargar og nyansar.
Prosjektet har generert mange spørsmål eg gjerne skulle søkt djupare inn i, men tidsramma for dette prosjektet har sett grenser for det. Med meir tid skulle eg, slik eg skriv ovanfor, komponert musikk til mi eiga hardingfele. Eg skulle undersøkt det tradisjonelle samspelet mellom dans og musikk på leit etter fleire improvisasjonsmåtar. Eg skulle også gjerne gått enno djupare inn i tradisjonen, og undersøkt samspel med utøvarar og instrument som høyrer til i tradisjonen. Eg trur det er meir å finne, meir å utvikle også utan å krysse tradisjonar.
Samspelet i prosjektet har vore møter mellom uttrykk, stilar og tradisjonar. Kor sensitive vi er i samspel spelar inn på vala vi tek og rollene vi går inn i, om musikken smeltar saman til ei ny eining, eller om den står fram som samansetjingar av delar med kvar sine tydelege identitetar. Kva som må til av materiale, kva haldningar og arbeidsmåtar vi må ta i bruk for å skape samspel på like premiss, er eit spørsmål som interesserer meg. Kanskje kan det bli til ei framtidig undersøking.
Tidlegare forsking belyser fremst improvisasjonsmetodar nytta i slåttane. Eg vonar framstillinga av tankesett og kompositoriske prosessar eg har utvikla, kan inspirere fleire til å grave djupare i folkemusikktradisjonen etter moglege svar på korleis vi, med våre reglar, kan improvisere utanfor slåttane, og i møte med andre tradisjonar. Arbeidet mitt kan vere relevant for improvisasjonsstudiar også utanfor folkemusikkfeltet, og for andre som vil undersøkje inspirasjon mellom tradisjonar og praksisar. Med dette prosjektet har eg sett lys på førespela, ein nesten bortgøymd praksis, som har i seg moglege improvisasjonsmetodar forankra i tradisjonen. Eg håpar refleksjonane mine og det kunstnarlege resultatet mitt, kan vere til inspirasjon for dei som kjem etter meg.
Eg har tatt eit val. Eg vil ta opp igjen tradisjonen kvar gong eg improviserer. Føre den vidare, kaste fram nye utkast. Tradere. At eg i prosessen har freista tileigne meg nokre av reglane i improvisasjons- og samtidsmusikkfeltet, kan også forståast som tradering. Eg har slått meg til ro med å vere i eit kontinuerleg spenn mellom repetisjon og fornying, og mellom tradisjonar. Eg har måtte stole på at eg kjenner tradisjonen min godt nok, at eg kan handverket, at tradisjonen er til stades i det eg gjer, utan at eg treng å vere den medviten. (Tin, 2011).
Førespela har i seg eit spelerom som for meg skil seg frå andre spelerom eg finn i hardingfeletradisjonen. Då førespela er individuelle, opnar det rammene for kva som kan falde seg ut. Førespela er nøkkelen til ei haldning; ei haldning til det utforskande, det som også kan sjå bort frå krav om ei viss formutvikling. Det er haldninga til det å lytte til augeblikket, følgje tildriv og hugskott. Denne haldninga minner om haldningar ein finn i friimprovisasjon, og som har, gjennom denne prosessen, inspirert meg til å ta fram førespelet sine haldningar i mine improvisasjonar.
Førespela er måtar å nytte eit materiale; dele opp og fokusere på bestanddelar, dvele ved dette eine på leitinga inn i instrumentet, inn i klangen, inn i meg sjølv. For meg er dette blitt ein arbeidsmåte eg no knyter attende til hardingfeletradisjonen, og som eg tidlegare ikkje såg der.
Førespela har i seg den undersøkande estetikken, den nysgjerrige estetikken, den lågmælte estetikken, den kvardagslege estetikken, den nære estetikken, den truverdige estetikken, det som er meg. I prosessen som ligg bak meg, har eg løfta fram denne estetikken, gjeve den verdi gjennom å løfte førespela fram i lyset, ta dei opp på scena, bort frå det private rommet. Eg har gjeve dei ein ny funksjon. I mine hender er dei ikkje lenger berre noko som kjem føre det som er viktig. I mine hender er dei viktige. Dei står på eigne føter, er sjølvstendige.
Det improviserte førespelet er for meg staden der eg kan skape musikk i og utifrå tradisjonen, samstundes som eg kan legge til meg sjølv i større grad enn i slåttane. I det improviserte førespelet opplever eg å ha kome fram til eit svar på kva improvisasjon kan vere for meg. Svaret er likevel ikkje eit endeleg svar. Det var hit eg kom denne gongen. Slik det å improvisere er ei livslang reise, der kvar improvisasjon er eit resultat av tidlegare improvisasjonar, slik er også førespela uendelege, evige inngangar, tar aldri slutt.
Mange års røynsle med pil og boge
Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka upp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirrar:
Her er òg eit midtpunkt.
(Hauge, 1980/2014, s. 14)