Hardingfela

Det er ei god kjensle å sitje slik med fela. Teste korleis den reagerer. Gå i eitt med den og la tonane slutte seg om meg. I desse stundene byggjer eg tiltru til fela. I desse stundene knyter vi band.

 

Eg har alltid vore fasinert over klangen og fargane. Kjem attende til det gong etter gong. I fargane ligg det moglegheiter. Moglegheiter for andre forståingar, andre kontekstar. I fargane ligg ei anna lytting. I utforskinga av instrumentet er det plass til meg.

 

Hardingfele er ein norsk feletype utvikla i Hardanger på 1600-talet (Aksdal, 2024). Den minner om den europeiske fiolinen, men skil seg frå den med sine fire eller fem understrengar, og den rike dekorerte felekroppen.

 

Understrengane på hardingfela ligg plassert under fingerbrettet, og vert tradisjonelt ikkje spelt på, verken med bogen eller fingrane. Når eg stryk med bogen på spelestrengane, kjem understrengane i bevegelse og gjev resonans. Stryk eg kraftig nok, oppstår ein klirrelyd. I høvelege porsjonar er klirrelyden fasinerande å høyre på.

Når eg løfter bogen får strengane, faldar etterklangen seg ut. Understrengane ligg fritt, og kling så lenge dei er i bevegelse. Skal eg stoppe etterklangen frå dei, må eg stoppe bevegelsen ved å legge ein finger over strengane. Eg likar romkjensla etterklangen gjev:

Understrengane og overstrengane skapar til saman ei mengd overtonar. Overtonane tiltrekkjer merksemda mi. Ved å justere fart og trykk på bogen, kjem overtonane tydeleg fram.

***

 

Med venstre arm grip eg kring fela sin hals og løftar ho opp til mi eiga hake. Legg haka på hakebrettet. Kjenner felekroppen mot min eigen kropp. Fingrane ligg varleg rundt halsen. Augo er retta mot mellomrommet mellom stolen og gripebrettet. Så løftar eg bogen med høgre armen. Legg bestemt, men varleg bogen mot strengane. Så drar eg, sakte. Harpiksen som drysser av håra samlar seg som kvitt støv på loket og på strengane. Øyrene er kvessa. Kroppen i forventning.


Eg testar med å stryke ein enkelt tone. Eit sakte strøk over open streng. Fører bogen mjukt i bevegelsar opp mot stolen, ned mot fingerbrettet. Høyrer tonen falde seg ut i fleire tonar. Tonar som ligg ovanfor, ved sidan av, nedanfor og rundt. Skimrande, brumlande. Slik går dei inn og ut av tonen, kjem til syne, forsvinn, kjem til syne igjen.


To strengar. Eg testar stryke fortare, pressar bogen lenger ned i strengen. Strålar av vibrasjonar finn vegen fram til meg. Eg kjenner det i bringa, i fingrane, i bogehanda, i den kvilande haka mot hakebrettet. Det strøymer, det veller seg ut. Eit einsleg klirr borer seg gjennom straumen av tonar. Vil med i dansen. Virvlar opp, forsvinn, virvlar opp igjen ved neste bogesnu. Åja? Understrengane er også vakne?


Så løftar eg bogen av strengen. Som eit florlett slør legg etterklangen seg kring strengane, kring fela, kring meg, før det vandrar vidare utover, utover i rommet. Vert hengande ei stund i den stille lufta før det sakte fell, legg seg til ro. I stillheita etterpå held eg pusten, redd for å bryte, redd for å rive ned. I stillheita etterpå finn eg sakte attende til meg sjølv.


***