I eldre omtaler og skrift om spel på hardingfele, finn vi ord som «brådikting» og «villspel». Folkloristen Rikard Berge nyttar orda i skildringar av felespel der utøvarar varierer og endrar i slåttane sine frå omgang til omgang. Det kan også forståast som å spele utan notar. (Asheim & Stubseid, 2010; Å. Egeland, personleg kommunikasjon 04. september 2023; K. Hamre, personleg kommunikasjon 20. september 2023). Felespelar Benedicte Maurseth, har i masteroppgåva si undersøkt gjennom praksis, kva moglege former for improvisasjon desse orda kan romme. For Maurseth står brådikting fram i to former; ei spontan utviding av ein eksisterande slått ved å legge til nye motiv, frasar eller vek, eller dikte ein slått utan kjend melodisk utgangspunkt. Villspel er for Maurseth, eit improvisert spel som ikkje treng å ha danserytme eller resultere i ein slått. Villspel opnar for eit lydleg resultat som ligg utanfor etablerte slåttesjangrar og former (Maurseth, 2023).
Brådikting minner om variasjonsmetodane eg hentar frå slåttespelet, og som eg nyttar i improvisasjonane mine. Utfallet av villspel minner om utfallet av mine improvisasjonar: eit lydleg resultat som ikkje treng å vere slåtterytmisk. Likevel vil eg ikkje nytte brådikting og villspel om improvisasjonane mine. Brådikting opplevast snevert, og villspel gjev assosiasjonar til eit impulsivt, kaotisk og vilt spel, lausrive stilistiske markørar. Eg forstår at Maurseth ikkje ser villspel på denne måten. Dei lydlege eksempla ho viser er verken kaotiske eller utan stilistiske markørar. Likevel gjev ordet meg desse assosiasjonane.
Brådikting og villspel er poetisk, fine ord. Eg skulle såleis gjerne nytta dei. I staden vel eg å nytte ordet improvisasjon om arbeidet mitt. Sjølv om ordet ikkje er henta frå hardingfeletradisjonen, og sjølv om omgrepet er omdiskutert, og må forståast i lys av sjangeren den er del av, så kjennest det meir relevant for arbeidet mitt. Improvisasjon i musikk blir forstått i lys av det som ligg bak dei kunstnarlege vala ein tek i augneblikket. Det fell godt saman med slik eg forstår mine eigne improvisasjonar og det som er intensjonen i arbeidet mitt: å knyte stilistiske markørar frå hardingfeletradisjonen til improvisasjonane mine, avgrense materiale, setje rammer, og kontrollere graden av det ukjende.
Men sjølv om eg vel å nytte ordet improvisasjon om arbeidet mitt, har eg valt Tryllespel som tittel på prosjektet. Tryllespel er eit av fleire eldre, lokale nemningar nytta om førespel på hardingfele. Ordet vart nytta i Jølster i Sunnfjord. Eg festa meg ved ordet først og fremst fordi det vart nytta i Jølster, på staden der eg vaks opp og lærde spele hardingfela. For meg peikar Tryllespel direkte attende på hardingfeletradisjonen eg ønskjer føre vidare. Den lokale forankringa gjer ordet enno meir verdfullt for meg.
I mengda av ord som peikar på førespel, stakk tryllespel seg særleg ut fordi det manglar ordet før-, opp- eller pre-. Andre nemmingar som føretak, førenota, oppnoting og preludium, peikar alle på å vere ein introduksjon, ei innleiing, at det skal kome noko etterpå. Tryllespel står fram som noko eige og sjølvstendig. Det stemmer godt med korleis eg ser på førespela; at dei kan stå aleine, at dei både er og ikkje er førespel.
Tryllespel seier også noko om innhaldet og karakteren i spelet; at det skilde seg vesentleg frå det å spele ein slått, at det oftast ikkje var slåtterytmisk, og at det trollbatt lyttaren. (Jenstad, 2001, s. 235-237).
Ordet er likevel ikkje eintydig og opplagt. Det seier mellom anna lite om arbeidsmåten som ligg bak det klingande resultatet. Det seier i utgangspunktet ikkje om musikken er improvisert eller komponert. I tillegg har ordet trylle mange assosiasjonar slik som magi, at det er noko overnaturleg. Det kan også assosierast med sterke, farlege og vonde krefter, med hekseri. Det er med ei viss uvisse om kva som er best eller rettast, at eg nyttar ordet på prosjektet.
Ordet trylle gjev meg likevel nokre assosiasjonar i retning av improvisasjon: Å trylle er for meg eit handverk som krev grundig førebuing og trening. Tryllespel rommar såleis førebuing, øving og tilrettelegging. I daglegtale kan ein seie at ein tryllar fram noko. Då finn ein det fram på ein god eller rask måte. For meg peikar såleis tryllespel på taus kunnskap, ferdigheiter, erfaringar og innsikt ein må ha for å ta raske val og slik finne fram noko raskt i improvisasjonsaugeblikket. Tryllespel er både det førebudde og det spontane, det overraskande og magiske som skaper fasinasjon og undring.