Eit verk kjem til syne

På leiting etter idear til fleire utvida teknikkar, kontakta eg komponist og fiolinist Ole-Henrik Moe1Ole-Henrik skriv samtidsmusikk og har som utøvar erfaring frå klassisk musikk, jazz, improvisert musikk, pop, rock og elektronisk musikk. I tillegg kjenner han hardingfela og tradisjonen godt etter å ha gått i lære hos fleire tradisjonsberarar. Det var den breie bakgrunnen hans, og kjennskapen han har til hardingfela og hardingfeletradisjonen som gjorde at eg vende meg til han. Eg var spent på kva utvida teknikkar eg kunne få lære.

 

Det viste seg at Ole-Henrik kjende førespela godt. I det første møtet vart vi sitjande å prate om førespel, korleis dei kan vere, og kva dei kan vere. Ole-Henrik fortalde at den norske komponisten, Alfred Janson ordla seg slik om stykket  «Forspill for fiolin og orkester» frå 1976: «Førespel – noko som aldri vert ferdig» (personleg kommunikasjon 10. februar 2022). Eg festa meg ved utsegna. Den samsvara med tankar eg hadde om å la førespela bli lange, og å la dei stå aleine. Eg likte tanken på å strekke førespela ut i tid, for så kanskje aldri å kome fram til slåtten. 

 

Utsegna gav fleire assosiasjonar. Eit materiale kan fabulerast over nesten i det uendelege. Ein kan kome attende til det, igjen og igjen, anten i ein og same improvisasjon, eller i ulike improvisasjonar, sjå på det frå ulike vinkel, variere, vri og vende på det. Det er aldri og alltid det same, og det er aldri og alltid likt. Ein vert aldri ferdig med undersøkinga.

 

Ein improvisasjonsutøvar utviklar praksisen sin over tid. Kvar nye improvisasjon er eit svar på førebuingar, haldningar, idear og føregåande improvisasjonar. Materiale og metodane nytta i improvisasjon vert utvinna over tid. Det å improvisere kan sjåast på som ein livslang prosess. Noko som aldri vert ferdig.

 

Parallelt med at Ole-Henrik raust delte sine teknikkar og idear med meg, vaks det fram ein tanke om å skape musikk saman. Musikk som romma både det førehandsbestemte og det spontane, som tok utgangspunkt i førespela, slåttemusikken, instrumentet og improvisasjonen. Slik byrja arbeidet med verket Lende.

 

Lende er eit av mange nemningar på førespel nytta på Voss. Det er knytt til det norrøne ordet lenda, som tyder å kome fram, eller legge til land, gjerne med båt. Det har truleg først vore nytta om etterspela. Brukt om førespela, kan det ha tyda å nærma seg slåtten. (Jenstad, 2001, s 236). Ein sa gjerne at ein «lenda inn til slåtten» (Bjørndal & Alvær, 1985, s. 108). Som substantiv tyder ordet mark eller terreng (Språkrådet & Universitetet i Bergen, 2025). Terreng har eg høyrt brukt av improvisasjonsutøvarar om materiale eller område på eit instrument, som vert undersøkt og improvisert over.

 

Eg valde Lende, til dette verket, fordi alle assosiasjonane gav meining til meg. I tillegg er det kort, og det kling fint.

 

Ein av dei første teknikkane Ole-Henrik viste meg, skulle bli bærande for den eine delen i verket vårt.

 

Med sordin på stolen, stryk eg med lett trykk og sakte fart over strengen. Fingrane tett samla, så vidt røre ved strengen. Leitar resonans og overtonar. Til syne kjem ein luftig tone som legg seg som skodde over strengane.

Kari Rønnekleiv2 er fiolinist, og har spelt saman med Ole-Henrik i improvisasjonsduoen Sheriffs of Nothingness sidan 2004. Der spelar Kari fiolin og Ole-Henrik bratsj. På plata deire, An Autumn Night at the Crooked Forest, finn vi ein variant av denne luftige, skoddetonen på improvisasjonen « Under-ash-embers, with hints of green light in spectrum». Første gong eg høyrde den, vart eg fortrylla av lyden og intensiteten i den. Spelet var ekstremt lyttande innover i instrumenta. Eg vart dratt med innover. Både Ole-Henrik og eg ville ha Kari med i prosjektet.

 

Vi møttest alle tre og byrja spinne musikalsk på idear om varigheit, det å vere til stades, fokusert. Med utgangspunkt i lufttonen vist i opptaket over, forma det seg eit strekk. For meg vart det statisk å halde på denne eine ideen i lang tid. Eg hadde lyst å legge inn eit kontrasterande element til suset. Etter å ha høyrt Tanja Orning og Helga Myhr si innspeling Klangkorpus og låta «Fallande boge», kom ideen om å legge inn eit hopp med bogen. Her frå tidleg i prosessen:

I lyttinga etterpå opplevde eg at hoppet med bogen var effektfullt første gong det kom, men at det ikkje var interessant over tid. Eg ville redusere hoppinga og la det stå fram som enkelttilfelle, som ein einsam hakkespett i skodda.

I hardingfelerepertoaret finst det registrert omlag 20 ulike måtar å stemme hardingfela. Praksisen kan ha røter attende til scordaturateknikken i europeisk kunstmusikk som strekker seg attende til 1500-talet (S. Nyhus, 1993, s. 197). Vi hadde lyst å ta med ideen om felestilla, men vi ville lage vårt eige felestille. Ut av felestillet ville vil la førespela sin tanke om signaturen kome fram. Først som småtullar frå kvar enkelt av oss, etter kvart som eit samansurium. Vi stemde hardingfelene H, D, H, Diss (ein liten ters mellom dei to lågaste strengane, og ein stor ters mellom dei øvste strengane)

Ut i improvisasjonen oppstod eit samansurium som gav meg assosiasjonar til siklande vatn. Eg likte det. Eg ville ha det med vidare som eit bestemt materiale, slik hakkespetten er med i skoddeheimen.

Den tredje delen i verket hentar ide frå overtonane. Ole-Henrik hadde lyst til, saman med Kari, å lage eit underlag av eit utval av tonane i overtonerekka til akkordane E, H og A som eg kunne improvisere opp på. Her er eit opptak tidleg i prosessen:

Det var uvant å spele på underlaget. Sjølv om tonane som kom fram høyrer heime i overtonerekka til akkorden, opplevde eg at intonasjonen ikkje stemde. Eg leita også etter ein god idé til form på improvisasjonen.

Verket er stadig i utvikling. For å sleppe fram underlaget, skal eg i det vidare prøve reduksjon av instrumentet og tettheita i materiale. Eg må lage luft ved å legge inn pause.

 

Rammene er sett. Materiale vi skal arbeide med er bestemt. Når hakkespetten kjem inn, kor mange gongar den hakkar, når volum vert auka, når klangfargen tettar seg til, når bekken vil bruse, når akkordane vil skifte, om det vert luft, kor mykje instrumentet vert redusert, det er ope. Det er opp til oss og samspelet mellom oss å bestemme.

  

Arbeidet med Lende har vore ein gjevande prosess der eg har henta idéar til materiale, men også teste ut idéar frå solospelet i samspel. Kvart samspel er eit unikt samspel, og genererer såleis viktig erfaring og referansar.