Høyrer du den understrengen der?

***

 

Min eigen musikk møter meg.
Den breier seg ut i lange linjer. Insisterer. Dreg meg innover.
Den opnar øyrene mine. Lukkar auga.
Vi dreg langt. Innover og innover til eg brått merkar at det er utover.
Utover og inn i ei ny verd.

 

I den nye verda får kontrastane spelerom. Det stille, pustande , susande, møter det ru, ruglete, rå. Flater møter piggar. Stort møter lite.

 

I den nye verda får idear vere få. Områder bli utforska.
I den nye verda møter det ubudde og spontane, det medvite og kjente.
I den nye verda er eg open, men provoserer samstundes meg sjølv. 

 

I den nye verda får musikken bruke tid. I blant på kanten av kva eg klarer lytte på. I blant mediterande, avspent. Den krev at eg lyttar djupt. Vil ha fokus.

 

Pause er der
nesten.
Overgangane glidande. 

 

I den nye verda kjenner eg att den gamle. I lydane som kjem til syne, ser eg spor av slåtten som alltid skal fram. Eg ser tanken om motivet som slynger seg framover slik råka finn vegen gjennom landskapet. Eg ser søkinga i førespela innover i instrumentet.

 

Det som insisterer, dveler samstundes som det skal framover. Repeterer utan å repetere. Repeterer meir enn å repetere. Manar. Det er repetisjonar i variasjonane.

 

I den nye verda går det opp for meg at eg seier: «Høyr! Høyrer du den understrengen der? Der! Var den ikkje fin? Og høyr! Høyr på denne overtonen. Den svevar. Lyst der oppe svevar den. Høyrer du den også? Er det ikkje fint?»

 

***