Den utvida hardingfela

Utvida teknikkar er i utgangspunktet ukonvensjonelle metodar som opphaveleg ikkje finnast i ein tradisjon. Dei vert nytta for å hente fram lydar og klangar som er nye for oss som høyrer på. Utvida teknikkar assosierer eg først og fremst med sjangrar og tradisjonar som samtidsmusikk, avantgarde musikk og fri jazz.

 

Det er få utvida teknikkar i det tradisjonelle repertoaret på hardingfele. I konsertrepertoaret finn vi imitasjonar av dyrelydar, og bruk av flageolettar, for eksempel i «Budeiene på Vikafjell» av Sjur Helgeland (1858-1924).

 

For meg går det ei linje frå dei ulike fargane i dei mange felestilla, via universet av overtonar og resonans som understrengane skaper og fram til mi eiga nyfikenheit til kva meir som er gøymt i instrumentet av nye assosiasjonar og fargar. For meg er det ei nyfikenheit innover i eige instrument, og utover til eit anna lyd- og lytteunivers.

 

Det har vore viktig for meg å forankre dei utvida teknikkane i instrumentet, og hos meg sjølv. Med utgangspunkt i hardingfela sine særtrekk har eg freista skape eigne teknikkar, nokre med utgangspunkt i allereie eksisterande utvida teknikkar for fiolin.

Understrengane

Det er vanleg å kneppe med fingrane (pizzicato) på understrengane når ein stemmer fela. Då knepper ein på strengane i området mellom stolen og gripebrettet. Ein kan også kome til understrengane bak stolen og i skruekassen. Sånn som dette kan det høyrest ut i skruekassen og bak stolen:

Det er få tonale variasjonar, og få klanglege nyansar i dei to materiala. Eg leita variasjonsmoglegheiter. Her undersøker eg høve for å spele på tre ulike feler sine understrengar. Også dette i skruekassen:

Som barn hugsar eg vi tulla med å skru håra frå bogen og stryke med dei på understrengane. Det var ein pøbelstrek. Vi skulle ikkje behandle instrumentet slik. Her stryk eg med håra på bogen på undersida av understrengane med ulik tyngde, fart og rytme. Eg har skrudd håra frå stokken og lagt håra inn under understrengane på denne måten:

Bak stolen

Området bak stolen er eit rikt område. Som i ein film vert eg kasta inn i eit eventyr av rare små figurar, smygande varleg, raspande farleg. Høyrer fløyter i det fjerne. Eit damplokomotiv. Lydar som brummar, lydar som fresar, lydar som ligg på lur og berre nesten vil kome fram. Lydar som dansar i framgrunnen, lydar som legg seg i bakgrunnen, lydar som finn ein plass der i mellom. Strengane, strengehaldaren, krokane, finstillaren, og den vesle strengestumpen får liv i eit eige univers.

***

Det er fullt i stova. Alle som var på konserten har samla seg her. Det er ei lys sommarnatt, berre få døgn etter solsnu. Folk er glade. Stemninga er god. Eg sit mellom kjente og ukjent. Kjenner på spenninga av å få vere med. Eg er eigentleg ikkje gamal nok. Eg er berre ti år. Men eg har spelt i fem å allereie. Eg er ein del av det heile.


Ein gamal mann stig fram på golvet. Eg kjenner han att. Han stod på scana i kveld saman med dei andre i den forrykande rumenske gruppa Taraf de Haïdouks. Dei spelte fletta av oss alle. Han tek fram fela, legg den til rette under haka. Eg ser på han med forventningsfulle øyre.


Han løftar armen, dreg sakte ein knirkande tone opp av den eine strengen. Som av ein usynleg tråd får han fram ein lyd som smakar både skjemt og alvor. Eg sit som fortrolla. Med store auge lyttar eg til det han spelar, og ser på det han gjer. Først mange år seinare forstår eg kva han gjorde.  


***