Småtullar og lyriske melodiar

Ut av små bitar danna eg meg eit bilde. Førespela eg fann i arkiva, var fremst traderte førespel. I nokre tilfelle spelte utøvaren sitt eige førespel, men det kom ikkje fram om det var improvisert. Når eg ikkje fann svar nokon annan stad, tok eg utgangspunkt i eiga erfaring med å spele og improvisere førespel. På dette grunnlaget stod førespela fram i to former. Den eine som småtullar, eit sett med tilsynelatande tilfeldig valde enkelttonar, ornament og dobbeltgrep.

Den andre meir som små lyriske melodiar, mogleg forma ut over tid, med mange av dei same ingrediensane som i skildringa over. Dei kan forvekslast som små lydarslåttar, og dei evnar tydelegare å fange ein lyttar.