Tryllespel – å utforske, spore av frå og spinne vidare på det improviserte førespelet på hardingfele har vore eit doktorgradsprosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Norges Musikkhøgskole i perioden 2021-2025.
Hovudrettleiar: Førsteamanuensis Ingfrid Breie Nyhus, Norges Musikkhøgskole.
Birettleiarar: Professor Mats Edén, Musikhögskolan i Malmö, Lunds universitet, og professor Ivar Grydeland, Norges Musikkhøgskole.
Hovudrettleiar første del av prosjektet: Professor Kjell Tore Innervik, Norges Musikkhøgskole.
Eit doktorgradsprosjekt gjer seg ikkje sjølv. Det er mange eg ønskjer å takke:
Takk til Ingfrid Breie Nyhus, Mats Edén, Ivar Grydeland og Kjell Tore Innervik for samtaler, tips, oppfordringar og tru på prosjektet.
Takk til Håkon Høgemo, Silje Onstad Hålien, Hilde Marie Holsen, Ole-Henrik Moe og Kari Rønnekleiv for samspel, utprøvingar, leik og moro.
Takk til Sigmund Eikås, Knut Hamre, Sidsel Endresen, Torben Snekkestad, Therese Birkelund Ulvo og Harpreet Bansal for samtaler og bidrag inn i prosjektet.
Takk til Sarah-Jane Summers, Anne Hytta, Sivert Holmen, Sindre Tronrud og Malin Alander for samspel og samtaler ved NMH.
Takk til Lene Grenager, Fridtjof Lindeman og Voksen Kirke for samarbeidet kring innspelinga av dobbel-CDen "Tryllespel".
Takk til Ånon Egeland, Einar Mjølsnes, Nils Økland, Per Anders Buen Garnås, Daniel Sandén-Warg og Andreas Aase for samtaler og innspel.
Takk til Fylkesarkivet i Vestland, Arne Bjørndal Samling, Folkemusikksenteret i Prestfoss, Fylkesarkivet i Agder, Folkemusikkarkivet på Valdres Folkemuseum, Arkivet ved Ole Bull akademiet, Folkemusikkarkivet i Bø.
Takk til Steinar Strøm og Hanne B. Oftedal.
Takk til læremeistrar og alle andre som har inspirert meg med sitt spel.
Takk til familien i Svidalen og i Rudsgården.
Takk til Klas Anders og Astri Elida for alt de er.
Takk til Norges Musikkhøgskole som har gjeve meg høve til å fordjupe meg i dette prosjektet over ein periode på nesten fire år.
Takk til Komponistenes Vederlagsfond for økonomisk støtte til verket «Lende».