Innleiande forsøk og slåttemotivet

Det eldste slåttemateriale på hardingfele er bygdedansmusikken. Den tilhøyrande dansen har røter i europeisk renessansepardans, og kom til Noreg på 1500-talet. (Aksdal, 1993, s. 130). Musikken vert delt inn i 2-delt og 3-delt takt. Det er halling, gangar, rull og springar. Slåttane kan ha ei regelmessig veks-form, eller ei oppbygging av motiv med variasjonar som ikkje formar regelmessige vek. Det finnest også slåttar som har ei blanding av desse. (Kvifte, 2000; Kvifte, 2007; Lien, 2020; Omholt, 2009; Thedens, 2009). Den enklaste veks-forma er ABAB-forma. Fire pluss fire takter dannar eit vek, A, som kan repeterast, før nye fire pluss fire takter dannar neste vek, B, som også kan repeterast. Slåtten kan så spelast om igjen på same måten slik at ABAB-forma kjem til syne.

 

Det eldste slåttemateriale tiltalar meg, og særleg dei slåttane med motiv som ikkje formar regelmessige vek. Det er som om slåtten slynger seg bortover, slik råka finn vegen sin gjennom landskapet. I desse slåttane er motivet i sentrum.

 

For meg representerer slåttemotiva tradisjonen. Det er dei minste heilskaplege framstillingane av tradisjonen. I slåttemotiva kjem tradisjonen sine stilistiske markørar til syne; bordunspel og dobbeltgrep (harmoniske intervall), rørleg intonasjon, variabilitet, strøkfigurar, ornamentikk.

 

Brudeslåttar, stillelåtar, reisetonar og lydarslåttar er slåttar som ikkje følgjer den føreseielege danserytmen. Det er slåttar meint for å lytte på (S. Nyhus, 1993, s. 185). I desse slåttane er det avgrensa spekteret av uttrykksmåtar, fargar og kjensler for meg litt større. I det som ikkje er danserytmisk finn eg eit djup, eit rom til refleksjon. Eg ville utelate danserytmen frå motiva. Improvisasjonane mine skulle gje rom til dette djupet.

 

«I dag vil eg skrive om variasjon av motiv. Eg les i Tellef Kvifte sitt vesle hefte: «Musikkteori for folkemusikk -ei innføring» om variasjon. [...] Den syner analyseringsreiskapen eg kan nytte meg av for å få eit oversyn over kva som kanskje kan generaliserast til å vere typiske trekk eller teknikkar ved variasjon av motiv. Tellef skriv om runddansforma ABAB, vek, heil- og halvslutningar. Denne forma[...]  er eg ikkje så interessert i. Eg synest den er for lite motstand i. Men så skriv han om andre hardingfeleformer slik som «kjedeforma», «overgangsmotiv», «variable former og nettverk», og nokre vanlege teknikkar for variasjon av motiv : Flytte heile motiv til ein annan streng (kvint opp eller ned). Endre strøkfigurar. Endre følgjetonar. Endre forsiringar. Det var dette eg gjorde eit lite forsøk på i går.» (Refleksjonsnotat datert 28.09.2021)

Improvisasjon datert 27.september 2021

Motiv kan varierast på mange måtar. Variasjonane er personlege, men følgjer visse kjenneteikn. Når eit motiv vert repetert, kan det vere små endringar som finn stad. Det kan vere endring av ein enkelttone, eit ornament, eit dobbeltgrep, ein bordun, eller ein strøkfigur. Ein kan også variere dynamikk og frasering.

 

I dei første utforskingane mine, dykka eg ned i slåttemotivet på leit etter måtar å improvisere. Kanskje kunne eg byggje improvisasjonane mine på ideen om slåttemotivet, og nytte variasjonsmetodane som ligg innebygd i slåttespelet?

 

Eg ville undersøke kva variasjonsmetodar som låg gøymt i meg, i det umedvitne medvitet, etter eit heilt liv i slåttespelet. Eg gjorde improvisasjonar med motivet som ramme. Ulike variasjonsmetodar kom til syne slik som einstrengsspel, tostrengsspel, utviding av motiv og motiv med og utan ornament:

Improvisasjon datert 15. november 2021

Eg gav eg meg sjølv etydar for å utvide medvitet, teste fleire variasjonsmåtar. Under følgjer nokre eksempel med utgangspunkt i Bestefarslåtten, ein springar etter Håkon Høgemo. Slåtten har eg spelt i fleire år.

 

Eg freista skape små tonale variasjonar i kvar repetisjon. Det er interessant å sjå korleis variasjonane blir fleire, og utifrå kvar eg då var i prosessen, nesten modigare til lenger ut i repetisjonane eg kjem:

Slåttespelet følgjer visse strøkfigurar (Blom et al., 1979, s. 13). Det synte seg vanskelegare for meg å variere strøka. I dette eksempelet oppstår to variantar der den første er eit vanleg mønster i springarane på Vestlandet (H. Høgemo, personleg kommunikasjon).

Bestefarslåtten har frasar som går over fire takter som såleis dannar ei veks-form. Eg forenklar melodimotivet, og endrar melodien, men beheld frasen på fire takter:

Det er ein uskriven regel at ein berre skal repetere eit motiv to gongar etter kvarandre i ein slått. Helst skal det kome ein variasjon i løpet av repetisjonane. Det andre veket i Bestefarslåtten kan minne om slåttane utan veks-form. I den åtte takter lange delen, er berre to takter like. Det ligg til rette for at nokre av motiva kan repeterast sjølv om ein då bryt veks-forma. Korleis ville det høyrest ut, og korleis ville det kjennest å repetere nokre av taktene?

Undervegs i etyden kjende eg ein motstand for å repetere så mykje. Eg opplevde å gå vekk frå estetikken i slåttespelet. Når eg, etter ei tid, lytta tilbake opplevde eg at nokre av repetisjonane fall naturleg inn i heilskapen, medan andre stakk ut som forstyrrande. Repetisjonane skapte ei kjensle av stillstand. Motivet stod og spann. Slåtten kom seg ikkje fram. Repetisjonane bygde samstundes opp til noko, skapte forventning, ei spenning.

***

 

Motivet er ei samla eining, ein heilskap, den minste sanselege samansetjinga. Motivet er ein struktur, ein orden, ein logikk. Motivet er eit haldepunkt, eit utgangspunkt, ein base, eit springbrett. Eit emne å utforske, justere, variere, utvikle. Legge til, bygge ut, trekke frå, skjære ned. Motivet er ope og lukka, sjølvstendig og usjølvstendig. Peikar bakover og framover. Kjem tilbake.


Eg dragast mot dei små motiva som slynger seg framover som små stiar i landskapet. Motiv som vert repeterte med små variasjonar stadig på veg framover. I blant hoppe frå stein til stein slik motivet hoppar frå streng til streng. I blant bitte saman med eit overgangsmotiv slik små bruer knyter saman sidene på kvar side av gróva.


***