Craftmanship
Parallelt med mitt eige stipendiatprosjekt, har eg tatt del i Craftmanship (2019-2024), eit forskingsprosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid leia av Kjell Tore Innervik og Håkon Høgemo. Eg var med i ei arbeidsgruppe beståande av Innervik, Høgemo og Silje Onstad Hålien som møttest til workshops, presentasjonar og konsertar. Gruppa arbeidde både saman, i trio, i duo og solo.
Med utgangspunkt i 20 hardingfeleslåttar frå Sogn, undersøkte prosjektet handverkselement i hardingfelepraksisen. Dette er djup kunnskap, eit resultat av handverksmessige ferdigheiter og taus kunnskap. Prosjektet ønskte å verbalisere ferdigheitene og kunnskapen, som vanlegvis vert formidla som subtile hint og metaforar, og slik revitalisere overføringa av kunnskap til nye generasjonar.
Craftmanship var finansiert av Program for kunstnarisk utviklingsarbeid (PKU) og Arne Nordheim Senter ved Norges Musikkhøgskole. Prosjektet vart avslutta hausten 2024. Ei framstilling av prosjektet kan du lese her.
Solobidraget mitt til prosjektet kan du lese her.