Å stå aleine

Førespela har i hardingfeletradisjonen fleire funksjonar. Det vert først og fremst nytta for å sjekke om fela er stemt, og for å varme opp fingrane (Aksdal, 1993, s. 145; Haugan, 1990, s. 102; Myhren, 1972, s. 254). Det kan også fungere som ein introduksjon. Ein måte å setje seg sjølv og lyttaren i ei stemning. Ein førebur og legg til rette for slåtten som kjem etterpå.

 

I konsertopptaket under, utforskar eg improvisasjonar som førespel og bruer. Bruene vart for meg både etterspel til det som var føre, mellomspel, og førespel til det som kom etterpå. Overgangen frå improvisasjonane og inn i melodiane og slåtten, og ut frå melodiane og slåtten, og over i improvisasjonen hadde eg i førekant tenkt ut moglege løysingar på. Det var trygt å ha desse løysingane tilgjengeleg. Eg hadde også tankt å veksle mellom ein distinkt og ein mindre distinkt klang, og ha med eit parti med eit tett, raskt toneløp. Resten var ope.  

Å setje ein improvisasjon saman med ein slått eller ein melodi, opna for spørsmål knytt til slåtten sin innverknad på improvisasjonen og omvendt, og slåtten eller melodien sitt avtrykk i improvisasjonen i form av konkrete motiv eller melodilinjer. Det opna også spørsmål om korleis gå frå førespelet og inn i slåtten, om det skulle vere ein transformasjon eller ei pause mellom dei. Det fordra tankar kring kvar i slåtten eg skulle kome inn. I eksempelet under spelar eg meg inn i ein brudeslått etter Knut L. Sandal, ved å hente ut eit motiv som ligg eit stykke ut i den, og derifrå spele slåtten slik den er for meg.

Førespela, og særleg dei små lyriske melodiane, er som små forteljingar. Eg la merke til at eg godt kunne lytte på desse førespela utan å kjenne trong til at ein slått måtte kome etterpå. Eg byrja sjå på førespela som små sjølvstendige melodiar. Her er eit eksempel på fem tradisjonelle førespel, og ein eigen improvisasjon som kjem etter kvarandre.

Eg opplevde at både førespela og improvisasjonen min kunne stå aleine. Dei måtte ikkje stå fram som førespel, men dei kunne gjere det. Dei både var og ikkje var førespel.