Bitar av eit større bilde

Frå før kjende eg lite til tradisjonelle førespel. Eg kunne berre eitt. Eg leita etter meir informasjon, men kjeldene er få. Eg fann bitar som frå eit puslespel; bitar av eit større bilde:

«Men dimed strauk framandkaren upp med noko lokkande daamtonar, eit fyrispel som flaut i solskin reint, og snart rann de av ut-i ein slått», skriv Rikard Berge om førespelet til Myllarguten då han var på besøk hos Nils Rekve på Voss (Berge, 1908, s. 30).

«På kappleikane har hardingfele-spelemennene ofte vanskar med instrumenta sine. Dei 8 strengene har lett for å endre tonehøgd på grunn av ulik temperatur og luft i stemmerommet og [på] scenen. Det er ikkje til å unngå at det kan bli både stemming og preludering etter at spelemannen har teke plass framfor publikum. Likevel burde spelemennene passe på å begynne slåtten skikkeleg, ofte gjekk stemming og preludering rett over i slåtten». Dette skriv Rolv Myklebust i eit manus til eit radioprogram om Landskappleiken på Voss i 1960. Understrekingane er Myklebust sine eigne.
(K.-P. Mork, personleg kommunikasjon, 22. februar 2023)

Førespelet til Martin Sellevoll. Spelt av Kristoffer Teige, Hyllestad (Teige, 1959)

«Var det noko til dugande kara, spela dei gjerne eit førespel som dei dikta etter kvart» (Bjørndal & Alvær, 1985, s. 107).

Førespel spelt av Gunnar Stubberud, Sigdal (Stubberud, 1956)

«Samuel Dvergsdal hadde så fint eit fyrespel. Det vart helst kalla Tryllespel; det var ikkje slåtterytmisk og folk skyna seg mindre på sovorne «krulla på fela». Da fortrolla dei; da var’kje so so da skulde vere, da va heksing. Dei trudde m.a.o at det helst var av vondemannen dei kunde laga so fjetrande fine tak på fela» (Bjørndal, u.å., s. 503). Understrekingane er Bjørndal sine eigne understrekingar.   

Førespel spelt av Karl Bjørnsen, Sigdal (Bjørnsen, u.å.)

Førespelet til Ola Mosafinn. Spelt av Jon Rosenlid, Stryn/Bergen (Rosenlid, 1960)

«Held førespelet i nationalmusikken på å verta burte? Ein høyrer det i alle høve ikkje lenger. Eg trur at dei yngre spelemennene hev heller kleine kunnskapar um førespelet. Eit førespel kunne vera eit meisterverk og ha ein svær tonerikdom. Myllarguten skulle ha eit uvanleg rikt og langt førespel. Fyrst då var han klar til å late toneflaumen flaume i kåte springarar. Eit førespel hev minst tio uppgåver. Eit godt førespel hadde ein svær tonerikdom og kunne klunke på alle spelestrenger. Spelemannen fekk her «jamne» fela godt – han fekk den siste finstillinga. Han var fyrst no klar til framføringa av slåtten. Han hadde no den fulle kontroll yver fela, og merka den minste missljod. Spelemenn! Bruk førespelet. Eit godt førespel, førebur ein på framføringa av slåtten på ein svært gild måte. Summe av dei eldre spelemennene hev sikkert eit rikt repertoar her og ville kunne gjeva frå seg lærdom um dette. Ille um denne «skatten» skulle gå tapt.» (Rein, 1969, s. 5)

Førespel spelt av Einar Mjølsnes, Voss (Mjølsnes, 2014)

«Hadde han stillt, retta han gjerne baae armane høgt i vêret og sette fela høgt mot bringa; so byrja han jamt med eit fyrispel, og det var den venaste strengeleik du kunde høyre for dine øyro. Sumt i fyrispelet var faste tòk, sumt berre lause hugskot og draumar eller leitande tillaup, liksom smaa braabil-sveivar inn i slaate-emni, helst daa i den slaatten som skulde til.»
(Berge, 1908, s. 151)