Den preparerte hardingfela

Ei preparering er i musikksamanheng, ei førebuing av eit instrument med framande element for å endre klang og klangfarge på instrumentet, eller dei spesifikke tonen ein preparerer. Det kan forståast som utvida teknikkar, ein måte å individualisere instrumentet (Mayas, 2019). Prepareringar er mykje nytta innan samtidsmusikk og improvisert musikk.

Kleklypa

Etter nokre misslukka forsøk med små kleklyper som spratt av strengen og delte seg, fekk eg ei solid og høveleg stor kleklype av den svenske fiolinisten Anna Lindal. Eg plasserte kleklypa ned over D-strengen slik at den også stod fast i dei to understrengar som ligg rett under.

 

Lydane som kom fram har i seg ei fylde. Dei opplevast å ha fleire sjikt. Ved å endre plassering og trykk på bogen, framfor, på sida av, på og bakanfor kleklypa, får ein fram mange nyansar. Her er eit opptak frå den aller første testen eg gjorde:

Grillspydet

Etter ein konsert med pianist Magda Mayas, der ho spelte med spisepinnar ho sette mellom strengane i flygelet og drog fingrane over, blei eg inspirert til å prøve det same. Understrengane til hardingfela ligg tett saman. Det er mogleg å tre grillspyd mellom dei ved å bøye det over og under strengane. Ved å slå forsiktig på spydet, bøye det og sleppe det, og føre det inn og ut mellom strengane, kom dette til syne. Dette er det aller første forsøket:

Ved å dra tommel og peikefinger over grillspydet, kan det høyrest slik ut:

Eg opplever grillspydet som eit avgrensa materiale, med få nyansar og variasjonsmoglegheiter det er vanskeleg å arbeide med over lang tid.

Sordinen

Ved å sette sordinen på stolen, og stryke med ulikt trykk og fart direkte med bogen på sordinen, kan det høyrest slik ut: