Faste mønster, grenser og ansvar

Slåttespelet på hardingfele er i tradisjonen hovudsakleg eit solouttrykk. Det var viktig for meg å undersøke motivet i solospel utifrå dei tradisjonelle rammene. Samstundes var det viktig å undersøke motivet i samspel. Eg ville sjå motivet frå andre vinklar, få andre impulsar, hente andre erfaringar attende til solospelet.

 

Stipendiatstillinga mi vart lyst ut som del av PKU-prosjektet Craftmanship1. I prosjektet spelte eg saman med Håkon Høgemo på hardingfele, Kjell Tore Innervik2 på slåttetromme og Silje Onstad Hålien dansa. Prosjektet undersøkte handverkselement i slåttetradisjonen med utgangspunkt i 20 slåttar frå Sogn. Undervegs var det rom for opne improvisasjonar. Her er eit eksempel frå tidleg i prosjektet, der eg improviserer med motivet som materiale:

Det var fint å oppleve motivet som ramme i ein improvisasjon i samspel. Alle kjende reglane i tradisjonen. Vi arbeidde innanfor same estetikk. Det var ingen stor motstand. Det fungerte. Samstundes opplevde eg å vere einsforming og lite fleksibel. Eg krinsa kring eit mønster av føreseielege frasar og val.  

 

Som forlenging av samarbeidet i Craftmanship, arbeidde Silje Onstad Hålien3 og eg i duo. Samspel mellom musikk og dans er ein sentral del av hardingfeletradisjonen. På same måten som improvisasjon er implisitt slåttespelet, så opplever eg at  improvisasjon er implisitt i dansen, og implisitt i samspelet mellom dansen og musikken. Motiv og steg i dansen kan varierast i durata, rekkefølgje og utførast med variasjonar individuelle for kvar dansar og kvart dansepar (Bakka 2020; Mæland, 2019; Mæland et al., under utgjeving). Det å spele til dans er ein improvisasjonssituasjon med strenge rammer. Fordi det er ein improvisasjonssituasjon vi finn i tradisjonen, ville eg ta dansen med inn i undersøkingane mine. 

 

I dansen blandar Silje element frå dei ulike bakgrunnane sine. Folkedansmotiv, fragment av motiv, rytme og ei folkeleg kroppsføring møter haldningar, materiale og arbeidsmåtar frå samtidsdansen og andre nyare dansesjangrar. Det opnar for å undersøke improvisasjon i samspelet mellom musikken og dansen utanfor den tradisjonelle ramma.

 

Dans er rytme. Det sit i ryggmargen. I samspel med Silje var det vanskeleg å kome utanom den. Byr tildriva inn til det, lar eg rytmen få plass.

 

Når dei tradisjonelle rammene var borte, såg eg dansaren med andre auge. Kva skulle eg respondere på? Var det rørsla i kroppen? Kva rørsle i så fall? Var det intensiteten i rørsla, eller assosiasjonen den gav meg? Korleis skulle eg spele? Kva tildriv skulle eg gje attende? Melodimotiva mine fekk nye meiningar. Eg opplevde å få ei ny rolle.

 

Ein dansande kropp kan opplevast kompleks. Ulike rørsler finn stad i ulike delar av kroppen samstundes. I tillegg har ein dansar rommet som materiale å spele med. Tidleg i utforskingane våre var det i blant overveldande med informasjon å ta inn. Vi valde å forenkle improvisasjonssituasjonen ved å sitje på kvar vår stol.

 

Opningsmotivet i improvisasjonen under er eit konglomerat av kva som ligg i meg av slåttemotiv, men kanskje er det fremst ekko av ein Halling etter Sigurd Eldegard frå Årdal i Sogn. Derifrå spinn eg vidare.

 

Tradisjonelt spel til dans på hardingfele stiller krav til framdrift og jamn fart. Slåttar eg spelar til dans, sit godt i ryggmergen. Det er mykje som er automatisert. Denne improvisasjonssituasjonen kravde andre ting ved meg enn eg er vant med. Det å halde tempo oppe når fingrane ikkje veit kvar dei skal, var krevjande. I starten stirrar eg ned i fela, klarer ikkje ta inn Silje med blikket.

 

Når eg etter ei stund løftar blikket og tek inn Silje, opplevde eg å gå frå å vere dansespelar, til å bli meddansar. Motiva er enkle. Dei løyser seg frå slåttemalen som bur i meg. Dei utfaldar seg friare. Eg repeterer og repeterer, reduserer motiv heilt ned til ein enkelt tone, skaper luft. Det kjendest som å sprenge grenser. Og i samanlikning med det tradisjonelle dansespelet, der eg har ansvar for å drive dansegolvet, kjendest det som om eg ikkje tok ansvar, men let Silje ta ansvar for å dra oss fram. Når eg har sett det i ettertid opplever eg det som eit naturleg samspel.  

Når rytmen er borte, kan eg spele på andre kjensler. I improvisasjonen under er det ei lyrisk tilnærming, ein ettertenksamheit i motiva som Silje møter meg i. Der, i samspel med ho tek eg rolla som forteljar og gjennom musikken skildrar eg det eg ser hos ho.  

 

I den tradisjonelle ramma for dansespel, ligg det måtar å uttrykke tildriv og respons: Ein felespelar gjer ein attakk med bogen som ein gest til dansaren. Dansaren kan svare med ein appell (Haukås, 2022). Denne forma for kommunikasjon vart med inn i improvisasjonen med Silje, sjølv om tildriva og svara ikkje alltid var tradisjonelle. Samstundes kjende eg også her at eg overlét mykje av ansvaret for framdrifta til Silje.