Sakte kjem eg til syne

Med utgangspunkt i dei to formene for førespel, småtullane og dei meir lyriske melodiane, og med motivet i ryggmergen, sette eg saman rammer for improvisasjonane mine. Ved å følgje tanken om det personlege, sette eg førespelet inn i mi eiga tid, inn i mitt eige liv, inn til meg sjølv. Derifrå byrja eg spinne. Derifrå byrja eg litt etter litt å sleppe fram det som låg inni meg. Bryte krefter mot sida i meg som eigentleg ikkje våga stå fram, og sida i meg som ønskte kome til syne. Det første som stod fram var ettertenksamheita og djupet.