Korleis kan eit tonalt og motivbasert materiale møte eit klangbasert materiale? I undersøkingane mine har eg freista finne gode måtar å nytte dei ulike materialtypane i same improvisasjon. Eg dragast mot det klangbaserte materiale, og opplever at eg ofte går dit i improvisasjonane mine. Eg opplever at i det klangbaserte materiale kan eg framleis bli overraska av instrumentet og alt som bur i det. I det klangbaserte materiale er det nesten som det er fela som styrer, som leier meg inn i ukjende landskap, sjølv om eg har faste områder og materiale eg tek utgangspunkt i.