Nøkkelen

I slåttespelet hadde eg kjent på ei begrensing. Slåttane sin kontekst avgrensa spekteret av moglege uttrykksmåtar, fargar og kjensler både i danseslåttane og lydarslåttane. I litteraturen kunne eg lese at førespela var personlege kjennemerker, individuelle melodiar (Bjørndal & Alvær, 1985, s. 107). I ideen om det personlege kom ei open haldning til bruken av tradisjonsmateriale til syne. Det opna for at eg i større grad enn i slåttespelet, kunne skape utifrå min eigen estetikk, etter det eg er farga av, etter kven eg er. Det opna for at eg kunne bruke eit større spekter av uttrykksmåtar, mine fargar og mine kjensler.

 

Opplevinga av det store spelerommet i førespela, hang saman med fortolkingar eg gjorde av kjennskapen eg har om utviklinga av ei konserverande haldningane i folkemusikken frå Ludvig Mathias Lindemann byrja samle inn folkemusikk i 1840-åra (Aksdal, 1993, s. 317) og fram til i dag. Med innsamlinga av folkemusikk breia det seg ut ei interesse for den genuine, gamle musikken. Ei interesse for verket, for slåtten. Dessverre var det mange innsamlarar som oversåg det personlege, variasjonane og improvisasjonane. Hadde ein fått teikna ned ein slått, var andre variantar av den uinteressante.

 

Med innsamlinga følgde også ein dokumentasjon av ei musikkform, som generasjonar folkemusikarar på 1900-talet tok flittig i bruk. Det vert for ein del, ein fasit på korleis denne musikken skulle utførast. Det oppstod ei haldning om kva som var rett og kva som var feil. Kappleikane vert på mange måtar ein arena for utfalding av desse konserverande haldningane med dommarskjema som gjav tydelege retningsliner for kva som skulle verdsetjast, slik det også er i dag (Frøholm, 2006).

 

Lenger tilbake i tid, kjenner ein til korleis kulturelle ytringar i bondekultur og overklasse påverka kvarandre. Folkemusikken tok opp i seg straumdrag og mote. Impulsar frå Europa fann vegen til grender lengst inn i dei djupe fjordane. Men, på 1900-talet endra dette seg. Medan det skjedde store endringar i mange musikksjangrar ute i verda, held folkemusikarane i Noreg fram i eit konserverande spor.

 

Kjennskapen til korleis haldningar i hardingfeletradisjonen kan ha vore langt tilbake i tid, og korleis dei var på 1900-talet, og korleis dei er i brytning i dag, gjorde at det opnar seg eit spelerom som førespela kunne vere ein representant for. Slik tradisjonen tidlegare tok opp i seg nye impulsar, kunne eg få la det som har inspirert meg få kome til syne i førespela. At førespela også i stor grad, har vore gløymde i seinare tid, gjer at det ikkje er knytt sterke haldningar til kva som er rett og feil ved dei. Førespela og ideen om førespela vart for meg eit spelerom. 

 

Samanlikna med slåtteforma slik eg best kjenner den, fann eg i einskilde førespel ei lausare form. Særleg gav småtullane rom for kreative innfall. Mange hadde ein fallande profil, men ingen sterke krav om formutvikling. Tilbøyelegheita førespela hadde for kreative innfall, fanga merksemda mi.

 

I førespela står dobbeltgrep, ornament og kviletonar fram som sentrale element, særtrekk. Det gav meg ide til å sjå på dobbeltgrepa og ornamenta som sjølvstendig materiale eg kunne skilje ut frå motivet og nytte i improvisasjonane mine.

 

I førespela ligg ei søking innover i instrumentet. Ei søking etter instrumentet si dagsform, fargar og univers. Ei søking etter kva som er i instrumentet. Eg vart merksam sambandet mellom førespelet og nyfikenheita eg hadde til kva klanglege moglegheiter hardingfela har i seg.

 

Det gjekk opp for meg at eg i førespela hadde ein nøkkel til metodar og haldningar til bruk i improvisasjon med utgangspunkt i tradisjonen. Det opna seg ei dør. Det var den rette døra for meg.