Ei gryande nysgjerrigheit

Slåtten skal alltid fram. Den påståande rytmen og retninga styrer meg innanfor eit avgrensa spekter av uttrykksmåtar, fargar og kjensler. Samstundes refererer slåtten tilbake til ein kontekst, eit bruksområde. Det låser lyttinga og tolkinga mi fast i konteksten. Desse sidene av slåtten har fått meg til å kjenne ei begrensning. Det har vore noko inni meg eg ikkje har funne rom til å uttrykke i slåttane.

 

Eg hugsar ikkje når det første gong var, kvar det var, eller kva musikk det var, men noko var det som rokka ved meg, og eg trur det var det moglege spekteret av uttrykksmåtar, fargar og kjensler som, for meg, stod fram som større enn det eg kjende i slåttespelet.

 

Eg hugsar heller ikkje når det første gong var, kvar det var, eller kva musikk det var, men eg trur det var lyttinga. At eg for første gong lytta på noko eg ikkje kunne gje ein kontekst. Det var ein ny måte å lytte på, ulik den eg kjende frå slåttespelet.

 

Eg hugsar heller ikkje når det var, kvar det var, eller kva samanheng det var at eg kopla det store spekteret og lyttemåten med improvisasjon. Eg hugsar heller ikkje når eg kopla improvisasjon til utforsking av instrumentet. Eg hugsar heller ikkje når det var eg første gong opplevde at sjølve skapinga, vegen gjennom ein improvisasjon var kunstnarleg interessant i seg sjølv. At det musikalske resultatet vart forstått i lys av improvisasjonsprosessen. Dette gjorde meg nyfiken.  

 

Seinare har eg forstått at musikken som rørde meg så kraftig, truleg var musikk med greiner til fri improvisasjon, eksperimentell musikk, avantgarde musikk og samtidsmusikk. Tidleg på 2000-talet flytta eg ut for å studere. Eg opplevde musikk på konsertarenaer utanfor folkemusikkfeltet. Kanskje var det på konsert med Sidsel Endresen og Bugge Wesseltoft? Kanskje var det på konsert med Nils Økland? Kanskje var det på konsert med Eivind Aarseth, Nils Petter Molvær, Ketil Bjørnstad? Kanskje var det på solokonsert med Lene Grenager? Kanskje var det på konsert med Maria Joao? Eller kanskje var det i mi eiga framføring av verket The Harmonics of Real Strings, for a bowed string instrument av John Lely (2006), at interessa for improvisasjon og utforsking av instrumentet skaut fart? Eller var det også noko meir?

 

I 2004 vann Berit Opheim open klasse på Landskappleiken med ein vokal improvisasjon. I 2006 stilte Britt Pernille Frøholm i same konkurranse og spelte improvisert musikk på hardingfele og live elektronikk. I 2008 gav Gjermund Larsen ut debutplata Ankomst som inneheld parti med lengre improvisasjonar. Fleire og fleire folkemusikarar nytta improvisasjon i samspel med utøvarar frå andre sjangrar. Samspel med forgreiningar attende til tingingsverket «Sagn» frå Vossajazz i 1990 med Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg. Fenomenet hadde status (Kvifte, 2013).  

 

Improvisasjon er ein implisitt del av slåttespelet på hardingfele. Det knyter seg til haldningar utøvaren har til materiale. I opplæringa vert det sjeldan trekt ut som ein eigen aktivitet, og sjeldan øvd eksplisitt på (Johansson, 2021; Maurseth, 2023). Ordet er sjeldan brukt. I møte med andre former for improvisasjon, var eg usikker på kva materiale eg skulle bruke og korleis eg skulle bruke det.

 

På grunn av bakgrunnen min, såg eg på improvisasjon som ein aktivitet tilhøyrande andre sjangrar. Eg søkte «svar» utanfor hardingfeletradisjon. Å improvisere med eit materiale og etter reglar eg ikkje hadde god kjennskap til, kjendest ikkje truverdig. Det var som å «ikkje meine det eg gjorde». Eg ville gå i min eigen tradisjon for å finne materiale og metodar, og eg ville sjå kva lydlege moglegheiter hardingfela hadde i seg. Samstundes trong eg tid til å reflektere og finne haldningar og arbeidsmåtar å byggje improvisasjonane mine på.