Bitar av eit enno større bilde

Førespel, eller preludium, er kjent frå mange musikksjangrar kring om i verda, men det er ingen som veit sikkert kor gamal praksisen er. Innom europeisk musikk finn vi skriftlege kjelder som skildrar førespel så langt attende som til mellomalderen. Dei kanskje mest kjende europeiske samlingane av førespel er Das Wohltemperierte Clavier av Johan Sebastian Bach frå 1722 (Bania, 2014, s. 1), og Frédéric Chopin sitt 24 Preludes opus 28 (Temperley, 2009, s. 323).

 

Preludium vart i Europa nytta på tangentinstrument, blåseinstrument slik som fløyte og obo, og klimpre- og strykeinstrument som lutt og fiolin (Bania, 2024, s. 1). Dei var improviserte eller komponerte, dei var korte, og dei hadde fleire funksjonar. Dei kunne nyttast for å varme opp, teste om instrumentet var stemt og setje stemning til eit påfølgjande komponert stykke. I salongane, der publikum kunne vandre rundt og prate med kvarandre, nytta pianisten preludiet til å tiltrekke seg merksemd (Edin, 2008, s. 12). Når ein skulle akkompagnere ein songar kunne førespelet nyttast for å gje toneart og tempo til songaren. Nokre nytta også preludiet til å syne teknisk briljans og kreativitet. I undervisning vart det nytta for å gje studenten betre ferdigheiter (Temperley, 2009, s. 325-326).

 

Det vanlegaste var at preludiet førebudde tonearten til det påfølgjande stykket. Dei kunne byggjast på enkle akkordar eller skala, eller byggast ut til større improvisasjonar. Alt etter hundreår og instrument, kunne førespelet modulere innom fleire toneartar før det vende attende til utganspunktet. I det 17-århundre var det vanleg at preludiet starta på ein av tonane i grunnakkorden. I det 18-århundre var det melodiske materiale sjeldan henta frå det påfølgjande stykket. Det finnest også eksempel på rikt ornamenterte preludium. (Bania, 2024).

 

Det improviserte preludiet hadde høg status. Studentar kunne bli oppmoda om å skape improviserte preludium over ein akkord eller ein skala framfor å lære seg preludium utantil. (Bania, 2024, s. 22)

 

I indisk klassisk musikk finn ein Alap. Det er langsame, melodiske improvisasjonar som fungerer som introduksjonar til raga. Den set stemning og knyter musikar og publikum saman (Serenade Team, 2023). I arabisk musikk finn vi Taqsim/Taksim som er ein instrumental og vokal frirytmisk improvisasjon med personlege og geografiske særdrag, og varierande durata. Den introduserer komposisjonar, særleg vokale framføringar, men kan også opptre åleine. Taqsim/Taksin har vore kjent og nytta, over store delar av det Ottomanske riket, og blir forstått som ein eigen sjanger. (Feldman, 1993; Holzapfel, 2013; Nettl &Riddle, 1998).