Improvisasjon

Improvisasjon er assosiert med spontanitet. I daglegtalen vert ordet improvisasjon ofte forstått som ei ubudd og spontan handling, gjerne ei nødløysing når noko ikkje går som det skal. I musikksamanheng er det etter kvart vanleg å sjå improvisasjon som ein metode som krev ulike former for førebuing, og der spontanitet er å forstå som raskt bestemte kunstnarlege val tatt utifrå det som er førebudd, tidlegare erfaringar eller tidlegare val. Ein ser såleis improvisasjon i lys av det som ligg bak dei kunstnarlege vala ein tek i augneblikket.

 

Den nederlandske musikkfilosofen Marcel Cobussen ser den improvisatoriske praksisen som eit samspel med strukturar og reglar. Gjennom å vise til den russiske litteraturforskaren og kulturfilosofen Mikhail Bakhtin sin argumentasjon om at “something created is always created out of something” (Bakhtin, 1986, sitert i Cobussen, 2017, s. 37) seier Cobussen:

Slik eg forstår Cobussen er improvisasjon meir enn ein spontan reaksjon på noko ubudd. Det er ein aktivitet som byggjer på tidlegare val og erfaringar. Det byggjer på kunnskapen ein har.

Improvisasjon er assosiert med fridom. Fridomen er knytt til tettheit av referansepunkt, musikalske byggesteinar (Nettl, 1974, s. 13), eller stilistiske markørar (Grydeland, 2024). Slik eg forstår Nettl og Grydeland, er improvisasjonen som finn stad i ein slått, ei improvisasjonsform med mange referansepunkt, musikalske byggesteinar og stilistiske markørar.

 

Den amerikanske forskaren Jeff Pressing nyttar omgrepet referent om det ein improviserer over. Han seier at ein referent er  «[...] an underlying formal scheme or guiding image specific to a given piece [...]  (Pressing, 1984, sitert i Grydeland, 2024, s. 109). Grydeland utvidar Pressing sin referent til eit «noko» som også kan vere abstrakt, og som kan endre og utvikle seg kontinuerleg.

Når eg improviserer lange strekk, oppstår behovet for å tenkje komposisjon; vere merksam på kor lenge eg arbeider med eit materiale, korleis eg varierer over materialet, kva eg kan gå vidare til, kontrastar eg kan skape, transformasjonar eller brot eg kan bruke.

 

Komponere kjem frå det latinske ordet componere. Det tyder å setje saman, forme eller lage (Nilstun, 2025). I musikksamanheng vart ordet opphavleg nytta om å setje sjølvstendige stemmer, kontrapunktiske stemmer, til ein gitt melodi (Holter, 2025).

 

Komposisjon og improvisasjon i musikk kan forståast som to sider av same sak, eller som to ulike aktivitetar. Komposisjon kan forståast som eit skapande arbeid gjennomført over tid, der improvisasjon kan vere del av arbeidsprosessen. Improvisasjon kan forståast som komposisjon utfalda i sanntid, her og no, men bygd på førebuingar og erfaring. Nyare kunstnarleg forsking trekkjer fram fleire sider ved improvisasjon som knyter komposisjon og improvisasjon tettare saman kva gjeld tidsaspektet, og utøvaren sitt medvite val av materiale, struktur og form (Grydeland, 2024; Mayas, 2019; Zach, 2024).

 

Den opne og frie improvisasjonen, der musikken kan ta den retninga den vil, kan forståast som eit eksperiment. Ein veit ikkje på førehand kva som skal hende. Ein eksperimenterer seg fram. Eksperimentet kan også vere komposisjon. John Cage karakteriserte sine komposisjonar som eksperimentell musikk (Cage, 1961, s. 7), underforstått at det var musikk som anten bygde på eller var eit resultat av eit eksperiment.

 

Komprovisasjon er er sett saman av komposisjon og improvisasjon. Slik eg forstår den tyske komponisten Sandeep Bahgwati (2013) i artikkelen "Notational Perspective and Comprovisation", knyter ordet seg først og fremst til komponert musikk. Det viser til høve utøvaren har til å farge komposisjonen i framføringsaugeblikket.

 

Improvisasjon i hardingfeletradisjonen er i hovudsak knytt til slåttespel og spele til dans. Det er fremst ein variasjonspraksis. Utifrå det som vert spelt, er det uråd å vite om det er ein spontan, eller planlagt variasjon. Både når ein improviserer og når ein varierer nyttar vi dei same verkemidla. (Kvifte, 2007; Kvifte, 2013). Variasjonane og improvisasjonane er også fremst små, små endringar. Ein skapar sjeldan lange improviserte strekk. Det som kjem fram i ein improvisasjon er ofte svært likt det som ligg i slåtten allereie. Det refererer heile tida attende til den.

 

Slik det etter kvart står fram for meg, er tenkemåtane og metodane i improvisasjon ulike mellom sjangrar og også mellom utøvarar i same sjanger. Den amerikanske etnomusikologen Bruno Nettl har spurt seg om det er korrekt å samle alle former for improvisasjon under same omgrep: «I wonder whether all the things we include under the rubric of improvisation have enough in common to justify a collective term» (2013, s. 2). Eg forstår kva han meiner.

 

Tidleg i prosessen vandra tankane mine kring moglege ord som kunne skildre improvisasjonsmetoden min. Eg kjende meg usikker på om måten eg improviserte kunne passe inn i det eg då forstod som improvisasjon. At improvisasjon også kan forståast som ein sjanger (Duch, 2010), ein tradisjon med bestemte reglar, har også gjort meg usikker. Gjennom å ha lese litteratur, snakka og spelt med fleire improvisasjonsutøvarar, har eg fått eit meir nyansert bilde på kva improvisasjon kan vere.

 

Improvisasjon er for meg eit samspel mellom det å skape nytt, det å bruke om igjen, og det å setje saman element. Eg improviserer på bakgrunn av eit tankesett. Ei nyfikenheit til materiale. Det er ei haldning som gjev meg ei musikalsk retning og som er med å forme rammene. Når eg legg i veg ut i improvisasjonen, har eg sjeldan bestemt forlaupet på førehand, men eg er medviten mogleg materiale og metodar for utvikling og variasjon eg kan bruke. Det er idear til korleis eg kan skape eit forlaup med spenn i tonalt og klangleg omfang, dynamikk, klang og varigheit utifrå verkemiddela sin verknad.

 

Improvisasjonen er for meg føreseieleg og uføreseieleg. Føreseieleg i vissheita om at det finnast materiale å nytte, måtar å setje saman element, skape narrativ. Uføreseieleg i tildriva som kan føre meg i ukjende retningar, som får meg til å skjerpe sansane: lytte, vurdere, lytte, vurdere. I det uføreseielege vert eg utfordra.

 

For meg er improvisasjon ein dynamisk metode som vert påverka av situasjon, samspelspartnarar, målsetjing og intensjon. Det finnast like mange former for improvisasjon som det finnast utøvarar som improviserer. Kanskje er det rettare å seie at improvisasjon for meg er eit tankesett og ei verktykasse beståande av fleire metodar og materiale.

***

 

Improvisasjonen er som ei reise gjennom landskap av gamalt og nytt materiale skapt av responsar, dialogar, undersøkingar og val. Den spring ut frå metodar, tenkemåtar, haldningar, erfaringar, og formast i konsentrasjon og nærvær. For meg ligg improvisasjonen si kjerne i mitt eige møte med materiale og vegen eg tek gjennom det. Ingen ting er nytt, det er minner, speglingar, kopiar, utkast, assosiasjonar. Likevel freistar eg, som med auge til eit lite barn, å oppdage materiale på nytt. Kvar gong. Det er i denne haldninga at fridomen i improvisasjonen kjem til syne for meg.

 

***

Following Bakhtin, improvising can therefore be understood as interacting with and transforming of certain historical predispositions or, in a less time-based formulation, engaging with existing structures and rules, accepting, rejecting, appropriating, or building on previous selections and decisions. (2017, s. 37)

Dette «noe» er en avgrensning av alle de kunstneriske valg utøveren har på sitt instrument til enhver tid, det er «noe» som ofte (men ikke alltid) er internalisert, og som i ensemble-sammenheng så vel som i soloimprovisasjon kan være både uttalt og ikke-artikulert, men det gir likevel musikalsk retning. (Grydeland, 2024, s. 109)