Improvisasjonen er forgjengeleg, aldri fastlåst og for rørleg til å kunne skildrast presist. Det strir mot improvisasjonen sin natur å dokumentere den (Bailey, 1992). Likevel ønskte eg å dokumentere delar av det kunstnarlege resultatet mitt i form av ei innspeling. Eg ønskte gjere resultatet lett tilgjengeleg for lyttarane. Eg ønskte dele det med fleire. Å gjere ei innspeling, som kunne gjevast ut fysisk som CD og digitalt, var ein måte å kome ønskje i møte.
Når ein gjer opptak, er det mogleg å redigere i opptaket, setje saman nye rekkefølgjer, ta bort kontekstar, setje til nye kontekstar. Professor i kontrabass, jazz og eksperimentell musikk, Michael Francis Duch, skriv om dette i refleksjonen til det kunstnarlege doktorgradsarbeidet sitt:
Etter å ha tenkt grundig på dette, har eg landa på at denne refleksjonen kompenserer i noko grad, for det som er tatt bort, utelate og redigert. Gjennom dette kapittelet vonar eg også gje eit større innsyn i vegen frå innspeling til ferdig master.
I prosessen ønskte eg å ha med meg eit ytre øyre. Ein produsent å diskutere saman med, ein til å halde overblikk og sjå dei overordna linjene. Eg hadde ved eit tidlegare høve møtt komponist og cellist Lene Grenager1, og merka at refleksjonane hennar kring musikk, var tydelege og attkjennelege. Eg visste ho hadde kjennskap til folkemusikk gjennom å ha produsert plater med folkemusikk tidlegare. Lene takka villeg ja til å vere med på prosjektet.
Fridtjof Lindeman2 kjenner også hardingfela godt frå mange år som lydteknikar på innspelingar og konsertar med instrumentet. På innspelinga ville eg ha eit så autentisk bilde av hardingfela som mogleg. Eg visste Fridtjof ville forstå kva eg ønskte. Eg kjende meg trygg på at han ville fange opp den lyden eg søkte. Ein lyd som ligg nær inn til slik eg høyrer instrumentet frå den sida eg sit.
Innspelingane fann stad i Voksen Kapell, eit lite rom med nøytral klang ved Voksen Kirke i Oslo. Her hadde eg spelt inn eit soloalbum tidlegare, og visste at rommet kunne fungere.
Nokre veker før første runde med opptak, møtte eg Lene for planlegging. I møtet orienterte eg om prosjektet mitt, og at eg trengde ho til å sjå heilskap i innspelinga og vere det ytre øyret. I prosessar som dette, kan eg bli frykteleg sjølvkritisk. Eg treng at nokon seier til meg at dette er bra nok. No går vi vidare.
Eg hadde bestemt kva tradisjonelle, traderte førespel eg ville spele inn, og kva materiale eg ville ha med i improvisasjonane mine. Eg ville syne den typen førespel med ein lyrisk melodisk karakter, då eg opplever at slike førespel er minst kjent blant hardingfelelyttarane i dag. Vidare ville eg ha med eigne improvisasjonar som spring ut frå ideen om førespel, som kan minne om desse.
Eg ville også ha med hardingfela sitt klanglege univers. Slik oppstod delinga mellom innspelingane, den eine med fokus på førespel og den andre med fokus på lydane i hardingfela.
Fordi førespel både kan og ikkje treng å vere førespel til ein slått, valde eg å utelate slåttane på innspelingane. Slik sikra eg også meir plass til det eg fremst ville ha med.
Både produsent og lydteknikar sat saman med meg inne i kapellet. Det tykte eg var fint. Då likna innspelingssituasjonen på ein framføringssituasjon. Likevel, etter å ha varma opp og funne meg til rette i rommet, var det som om dei til tider forsvann for meg. Det var som å vere aleine med fela og rommet. Ein situasjon eg opplever mange gongar er reel: Førespela finn ein oftast i dei private romma.
To DPA 2011 mikrofonar og ein Royer R10 mikrofon blei plassert framfor meg på eit stativ for å fange opp lyden frå instrumentet med litt avstand. I tillegg nytta vi ein DPA 4060 festa direkte under strengane bak stolen.
Vi fordelte innspelinga over to dagar i september 2024, og to dagar i januar 2025. I den eine bolken fokuserte eg på dei tradisjonelle førespela og improvisasjonar som ligg tett opp til dei. I den andre bolken hadde eg fokus på hardingfela som lydkjelde.
Under innspelinga kom det til meg idear, idear som kan forståast som vidareføringar av tidlegare utforskingar. Det oppstod også uføresette ting med mellom anna prepareringa av hardingfela. Innspelinga var såleis ikkje ein dokumentasjon på kva eg så langt hadde kome fram til, men det var også ei vidare utforsking og undersøking av materiale. Eit eksempel er opptaket med kleklypa som har fått tittel «Bortanfor». Eg fekk ikkje festa klypa slik eg hadde planlagt, og det oppstod nyansar i lyden eg før ikkje hadde fått fram. Samstundes mista eg nyansar eg tidlegare hadde jobba med. Teknikken eg nyttar på «Under streng» og «Under streng II» er også teknikkar som delvis kom til på staden.
Etter innspeling let eg Lene få kome med eit første forslag. På utkastet til den første plata, sakna eg ein improvisasjon der djupet fekk kome fram, tanken min om bruk av pause, det å opne opp motivet. Eg fann fram eit forslag som Lene var samd i. I ein mail skriv Lene korleis ho tenkte kring utvalet på den første plata:
Arbeidet med rekkefølgja på den første plata, viste seg å bli krevjande. Som Lene skriv, tek dei tradisjonelle førespela føring over kva som kan setjast saman med dei. Sjølv om eg opplever at både førespela og improvisasjonen min kan stå aleine, har særleg dei tradisjonelle førespela ei retning. Dei peikar fram mot noko. Kva som då kan kome etterpå, måtte eg tenkje grundig gjennom.
Dette er ikkje ein unik situasjon for førespela. Eg har opplevd det same med innspelingar av slåttar tidlegare. Såleis var eg budd på at dette skulle kunne bli vanskeleg. Eg valde å sjå på det utvalde materiale som førespel, mellomspel og etterspel for kvarandre. I samansetjinga av rekkefølgje freista eg forløyse frampeika på gode måtar: Gruppere stemning, sinnelag. Toneartar som heng saman. Ein tanke om at siste tone vert første tone i neste førespel eller improvisasjon.
Ser ein på dei to platene samla, så har vi freista skape ei utvikling, ei vandring frå det tradisjonelle over i det lydlege. Til lenger ut i innspelingane ein kjem, til lenger bort frå den tradisjonelle estetikken går eg.
Til innspelinga av den andre plata hadde eg valt ut teknikkar og klangar eg ville ha med. Det var først og fremst særeigenheitene i instrumentet, understrengane, eg ville syne fram. Det viste seg lettare å setje saman dette materiale til ein heilskap. Lene gjorde forslag til å setje saman nokre opptak til eit spor, samt kom med forslag til små endringar for å korte inn og stramme nokre av spora. Lene skriv:
Endringane Lene føreslo, opplevde eg som gode. Det eg først og fremst merka meg, var klipp som sto fram som ulogiske; til dømes tonesprang eg aldri ville tatt av idiomatiske grunnar.
Hardingfela med alle sine klingande understrengar, kan vere krevjande å redigere i. Nokre stadar har eg peika på at klangen i understrengane har avslørt at det er klipt. Dette er kanskje noko eg høyrer fordi eg kjenner instrumentet og måten eg spelar så godt. Eg høyrer når noko avvik frå slik det brukar å vere. Det har også ført til at einskilde stader har Lene føreslått å klipp saman eit strekk, som så har måtte endrast. Lene skriv også om det.
I formidling av musikk er det mange element som ligg tett opp til sjølve musikken, som nesten kan forståast som del av musikken, og som spelar inn på korleis lyttaren forstår og lyttar til musikken. Med idé og inspirasjon frå den franske semiotikaren Gerard Genette og kunstsosiolog Dag Solhjell definerer Kristin Kjølberg (2010) desse elementa som paratekstar. Paratekstar peikar på kunstverket og er med å plassere kunstverket i ein kontekst. Paratekstar kan vere ramma kring eit maleri, kleda musikaren har på seg på scena, eller tittelen på ei innspeling på ein CD. Som professor Duch (2010) peikar på i sitatet over, vil ein med ei innspeling ta improvisasjonane bort frå sin opphavlege kontekst og lege til nye paratekstar og kontekstar. Eg opplede at namna eg sette på albumet og på alle låtane såleis vart viktige for kontekst og lytteoppleving. Eg nytta mykje tid på å finne namn på kvart spor.
På innspelinga har dei tradisjonelle førespela fått namn etter utøvaren eg har lært dei av, eller etter utøvaren som kjelda mi refererer attende til. Det er for å bevare bandet attende til tradisjonen, og syne lyttaren at dette er tradert materiale.
For å ha oversikt i redigeringsarbeidet, sette Lene mellombelse namn på improvisasjonane mine. Til den første plata grubla eg på om eg skulle finne eldre stadnamn og setje på dei. Det skulle kunne gje ein link mellom namna på dei tradisjonelle førespela og improvisasjonane mine, då etternamna til kjeldene i stor grad er samanfallande med stadnamn: Holsen, Brendehaug, Selland. Det viste seg å vere vanskeleg å finne gamle stadnamn som passa. Dei gav meg ofte assosiasjonar til noko anna enn det eg opplevde musikken gjorde. Eg valde til slutt å behalde nokre av namn som Lene hadde sett på dei, slik som «Melankolsk» og «Strengespinn» og i tillegg finne namn som peika på stemninga improvisasjonane skapte i meg. Namna måtte også vere så opne at dei kunne gje rom til lyttaren sine assosiasjonar. Slik oppstod namn som «Annsemd», «Vårbrott», «Dagning» og «Endelaus».
På den andre plata hadde Lene også laga mellombelse namn. Dei tok i stor grad utgangspunkt i teknikken eg nytta eller området på fela. Eg enda med å behalde nokre av dei slik som «På sordin» og «Bak stolen». Eg synest det er fint at lyttaren får eit hint om kvar på instrumentet, eller kva preparering det er. Derfor nyttar eg også namn som «Streng og pinne» og «Under streng» som peikar på understrengane. Unntaket er opptaket med kleklypa, som på plata har fått namnet «Bortanfor». Assosiasjonane denne klangen gjev meg, er til eit landskap bortanfor.
Den første plata var den som har vært vanskeligst å vite på forhånd hva kunne bli og som har krevd mest leting. Det har også blitt tydelig i og med at vi har hatt mange flere runder fram og tilbake med den plata. De tradisjonelle fyrespela har bestemt noe om hvordan det improviserte materialet kunne oppføre seg. Jeg opplevde at materiale som var veldig «langt unna» musikalsk vanskelig kunne integreres i helheten, så det har preget valgene jeg har gjort. Samtidig har du også tatt mange avgjørelser i denne plata, så her er det med rette et samarbeid om helheten. Et eksempel er åpningssporet ROP som var på et take hvor vi hadde noe trøbbel med skurr i en mikrofon. Jeg hadde derfor omtrent strøket det taket, men det viste seg å kunne brukes allikevel når du tok det fram som en mulighet. (privat kommunikasjon, 8. april 2025)
Commercially released recordings of free improvisation can therefore often end up being ”best of” albums where one has chosen to present what one likes best from a particular recording and leaving out whatever we dislike. We might even alter time by choosing to present a new order of the music rather than the actual order when it was recorded, to make it sound better as an album. This is somewhat like watching the highlights of a game of football where we are only shown the goals, but more seldom the actual line of events that leads to that particular goal. A heavily edited album can even make the impossible sound possible by creating the equivalent of beautiful passes and goals that appear from nowhere. (Duch, 2010)
Jeg har vært opptatt av å klippe forsiktig i den forstand at jeg har villet beholde dine strekk og musikalske valg i så stor grad som mulig. Det er et par spor hvor jeg har kombinert to ulike take, men de er satt etter hverandre slik at gangen i de forskjellige takene i stor grad er beholdt. Utover dette har jeg gjort det jeg kaller for «å luke»: jeg har klipt bort enkelte strofer eller innsatser som jeg ikke har syntes bringer musikken videre og jeg har forkortet noen forløp som musikalsk har brukt for lang tid. (privat kommunikasjon, 8. april 2025)
Det har vært veldig spennende og utfordrende å klippe hardingfele fordi det har helt andre utfordringer enn å klippe vanlig fele. Særlig dette med at understrenger kan klinge med på ulikt vis i ulike take har vært nytt å forholde seg til. Og så er det alltid ting som jeg har vært for lite oppmerksom på i opptaksøyeblikket: en etterklang som burde vært lengre før du spilte videre, støy utenfor lokalet akkurat der det er som svakest og slike ting som er mer vanlige problemstillinger i en klippesituasjon. (privat kommunikasjon, 8. april 2025)