Mats Edén1 var bi-rettleiaren min i første delen av prosjekttida mi. I samtalene våre snakka vi mellom anna om form. Mats kunne med eit smil om munnen seie: «Form, det kan vere så mangt, det».
Ein av form-ideane Mats delte med meg, var ideen om å introdusere ein og ein tone i eit motiv. Det kan forståast som å byrje smalt for så å utvide. Her viser Mats korleis ei melodisk slynge kan kome til syne, tone for tone, hos han: