Å sitje slik med fela i korte eller lengre strekk. I stunda finne tonar som speglar stemninga i meg, stemninga i fela. I stunda skape småtullane, eller lengre versjonar av dei. Det har eg gjort så lenge eg kan hugse. Det har eg gjort også når eg ikkje stemmer. Også når det ikkje kjem ein slått etterpå. Berre vere saman med fela. Ho og eg aleine. Kjenne felekroppen møte min. Vibrasjonane breie seg ut. Fargane kome til syne. Det er i desse stundene ein lærer kjenne kvarandre. Det er i desse stundene vi knyter band. Det ligg ei omtanke for instrumentet i dette spelet.
Eg har sett på denne vilkårlege, opne samansetjinga av dobbeltgrep, ornament og enkelttonar som ein privat ting, eit samband mellom meg og fela. I blant svært vakkert, men utan kunstnarleg verdi.
Skulle eg kunne sjå på det som noko verdfullt?