I slåttespel kan variasjonar også finne stad på eit overordna nivå. Motiv kan byte plass i høve til kvarandre slik at rekkefølgja på motiva vert ulik frå framføring til framføring. Denne forma for variasjon har eg nesten aldri nytta. Om eg har nytta den, har variasjonen vore utført på eit par motiv, aldri gjennomgåande i heile slåtten, og aldri spontant. Eg måtte teste ut korleis det ville bli å stokke spontant om på alle motiva i ein slått.
Eg lærte gangar etter Sjur Eldegard av Håkon Høgemo for mange år sidan. Håkon har ei fast form på denne slåtten som også eg har nytta. Motiva kjem på rekke, dei vert varierte og spunne vidare på. Motiva dannar ikkje regelmessige vek. Det er mogleg å høyre korleis Håkon spelar slåtten ved å trykke her.
Eg måtte lære meg motiva på nytt. Eg måtte lære dei som enkeltståande bitar, sjølvstendige, og skilt frå heilskapen. Derifrå var det mogleg for meg å setje slåtten saman ved spontant å lage nye rekkefølgjer på motiva. Her er to utprøvingar av det:
Det var interessant å merke korleis slåtten først stod fram kaotisk og ulogisk. Etter kvart byrja det danne seg mønster av kombinasjonar som høvde i lag. Det kunne vere fordi dei passa melodisk i lag, dei var logiske kombinasjonar. Det kunne vere fordi kombinasjonen låg særleg godt til på instrumentet. Eg slapp flytte fingrane og bogen i store sprang mellom strengane. Sjølv når eg følgde variantane av kombinasjonar, hadde eg likevel høve til å variere mykje i samansetjinga frå omgang til omgang.
Dette minner meg om tilhøve eg seinare i prosessen, har lagt merke til i improvisasjonane mine. Eg tek val utifrå kva som ligg godt til rette på fela, utifrå kva som opplevast musikalsk logisk, og utifrå kva fingermønster og grepskombinasjonar eg elles ofte nyttar. Etter å ha blitt medviten desse tendensane, har eg lært meg å følgje eller bryte mot dei i vala eg tek undervegs.