Prosjektet mitt er del av eit større bilde, av heilskap, samanhengar, og ulike omstende. Kvar utøvar eg har møtt og tatt med inn i prosjektet, er med å setje kontekst til prosjektet. Under kan du lese om ulike samanhengar prosjektet mitt kan vere del av, og som det på ulike måtar heng saman med.
Det er mange utøvarar som med utgangspunkt i hardingfela og slåttemusikken, går andre og nye vegar med musikken sin. Ein av dei første i Noreg til å løfte element frå slåttemusikken inn i improvisasjonar utanfor slåttane, og som har inspirert unge utøvarar til å følgje etter, er felespelaren og komponisten Nils Økland. Saman med folkesongar Berit Opheim og organist Sigbjørn Apeland har dei løfta folkemusikkspråket inn i ulike samspelprosjekt der improvisasjon har hatt ein sentral plass. Benedicte Maurseth og Erlend Apneseth er to profilerte utøvarar på hardingfele som har gått i lære hos Økland. Dei tek begge med seg element frå slåttemusikken inn i sine arbeid, også arbeid som inkluderer improvisasjon. Av yngre utøvarar finn vi Helga Myhr og brødrene Hans og Rasmus Kjorstad.
Hardingfela har for lenge sidan funne vegen ut i verda. Blant utøvarar i utlandet er det fleire som har søkt seg til Noreg for å lære om hardingfela og slåttemusikken. Sarah-Jane Summers frå Skottland, nyttar hardingfela i ulike samspelsprosjekt der improvisasjon er ein integrert del. Ho gav i 2023 ut Echo Stane med improvisasjonar og komposisjonar med utgangspunkt i lydane ho finn i hardingfela. Den amerikanske felespelaren Zosha Warpeha inkluderer også element frå det norske hardingfelerepertoaret i sine improvisasjonar. Det kan ein mellom anna høyre på utgjevinga Silver Davn frå 2024. Både Summers og Warpeha inspirerer meg med sine musikalske arbeid. Warpeha har ei inderleg ro over musikken sin, ei frasering og ein velvald bruk av pauser, som skaper ettertenksamheit og djup tilsvarande det også eg kan søkje etter i improvisasjonane mine.
Den svenske felespelaren og komponisten Mats Edén har i ei årrekke nytta improvisasjon i solo og samspel. Med tydelege element frå både svensk og norsk slåttemusikk, har han skapt sitt eige uttrykk i samspel med mellom andre Groupa, Stefan Östensjö, Jonas Simonson, Lena Villemark og Ale Möller. Edén var birettleiaren min i første del av prosjektet, og har på fleire måtar inspirert meg i arbeidet mitt.
Prosjektet mitt er eit av fleire pågåande forskingsprosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid innan eller i tilknyting til, tradisjonsmusikk. Alle prosjekta rører ved hardingfeletradisjonen og ser på særtrekk ved den i arbeidet med ny musikk eller i arbeidet med å overføre musikken til ikkje-folkemusikalske instrument. I prosjektet Rive laus og brote sond: Tradisjonsmusikkens linjeføring i nye omland (A. Hytta, personleg kommunikasjon, 31. mars 2025), undersøker hardingfelespelar og komponist Anne Hytta korleis eldre hardingfelerepertoar kan vere utgangspunkt for nye måtar å jobbe med ny musikk på. Anne nyttar materiale, stilistiske særtrekk, arbeidsmåtar og haldningar frå tradisjonen i skapinga av nye verk for solo hardingfele, kammerorkester og ein kvintett med fem hardingfeler. Anne har inspirert meg med sine refleksjonar, som eg har fått ta del i gjennom presentasjonar ho har hatt undervegs i prosjektet sitt, og som ein av fem hardingfelespelarar i hennar kvintett.
I Cross-Pollination & The Immersive Violin undersøker felespelar Sarah-Jane Summers kva som hender når ho kryssar skotsk og norsk tradisjonsmusikk med eksperimentell musikk på fele og hardingfele (Norges Musikkhøgskole, 2024). Sarah-Jane nyttar mellom anna utvida teknikkar på fele og hardingfele, og i samtale og samspel med ho har ho inspirert meg i mitt arbeid.
I prosjektet Rammer og rom - om "spelereglar" og "spelerom" i tradisjonsmusikken: Utvikling av treradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele / fele, undersøker Anette Thorsheim sitt eige instrument, treradaren, ulike låttypar og det å spele til dans. Ho både lagar nye melodiar og overfører tradisjonelle slåttar frå hardingfele til treradar (Artistic Research Norway, u.å.). Thorsheim dykker også ned i samspelet mellom musikk og dans når ho samarbeider med dansarane Ami Petersson Degelid, Håkon Dregelid og Inga Myhr. At både Thorsheim og eg arbeider med dans utanfor den tradisjonelle ramma, dansefesten, kan sjåast i lys av utviklinga av den norske og nordiske sceniske folkedansen. I Noreg er det særleg Senter for Folkemusikk og Folkedans som gjennom prosjektet Bygda dansar (Mæland et al., 2021), har vore drivande for framveksten av unge dansarar som tek folkedansen inn i sceniske produksjonar. Frie dansegrupper som Frikar, Kartellet og Mamelukk dansekompani er resultat av arbeid som også strekker seg attende til tidlege teateroppsetjingar med folkedans i Noregs Ungdomslag, samt Västanå Teater och Musik sine oppsetjingar i Sverige.
Enda eit pågåande phd-prosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid med tilknytning til norsk og nordisk folkemusikk er Folk Music in Slow Motion: Idiomatic material slowed down and zoomed in for modular synthesizer. I prosjektet undersøker Egil Kalman minimalistiske komposisjonsteknikkar for tolking av tradisjonell folkemusikk frå Noreg og Sverige på moduler synthesizer (Artistic Research Norway, u.å.).
Menneske har til alle tider henta inspirasjon frå kvarandre. Innan kunstnarleg forsking finn ein ei rad prosjekt som kryssar tradisjonar, utviklar nytt ved å hente inspirasjon, tankesett, materiale og arbeidsmåtar frå andre tradisjonar. I det kunstnarlege phd-prosjektet Tradisjoner på spill: Fortolkning og utøving mellom slåtter og pianisme, søkte pianist Ingfrid Breie Nyhus inn i den norske folkemusikken for å finne måtar å fortolke soloverk for flygel, men også for å spele tradisjonelle slåttar på piano. (2019). Nyhus har frå vinteren 2023 vore hovudrettleiaren min. I samtale med ho har eg fått stor inspirasjon til mitt eige arbeid.
Mattis Kleppen har i sitt phd-prosjekt Bassgriotisme: nye premisser for bassgitar basert på spelemenn, grioter og bluesmenn, utvikla eit solospel for bassgitar som byggjer på hardingfeletradisjonen i Telemark, bluesmusikken i USA og tradisjonsmusikk frå Mali, Senegal og Gambia. (Kleppen, 2013)
Fleire prosjekt ser på kompositoriske sider ved improvisasjon. I phd-prosjektet Orchestrating Timbre Unfolding Processes of Timbre and Memory in Improvisational Piano Performance, undersøker pianist Magda Mayas orkestrering av klangfargar som middel til å utfalde improvisasjonsprosessar. Med ei kompositorisk tilnærming undersøker ho korleis orkestreringa påverkar improvisasjonsprosessen, moglege samansetjingar og vegar ho kan gå mellom prepareringane i flygelet (Mayas, 2019). Korleis instrumentet påverkar val ein tek i improvisasjonen, kjenner eg att i mitt eige arbeid der eg kan velje samansetjingar av motiv og dobbeltgrep utifrå korleis dei ligg tilgjengeleg på instrumentet. Prosjektet til Mayas har også inspirert meg til å ta i bruk grillspyd av tre som preparering av hardingfela.
Å byggje sitt eige uttrykk, eller sin eigen signatur, eller å nytte utvida teknikkar finn vi eksempel på mellom anna i det kunstnarlege doktorgradsprosjektet til den klassiske bassisten Håkon Thelin. Ved å ta utgangspunkt i kontrabassen sin eigenart, eigenskapar og kvalitetar, undersøkte og utvikla han mellom anna utvida teknikkar som ei naturleg forlenging av kontrabassen si evne til å få fram overtonar (Thelin, 2011). Håkon Thelin har også kryssa mange tradisjonar i si utøving. På albumet Slåtter på kontrabass har han overført tradisjonelle slåttar på vanleg fele til kontrabass (Thelin, 2024).
Fiolinist Karin Hellqvist har i det kunstnarlege doktorgradsprosjektet Transforming with the Arteistic Palette, sett på korleis ho kan utvide sin kunstnarlege palett ved mellom anna å nytte utvida teknikkar. Ho har nytta utvida teknikkar i verk ho har arbeidd fram i tett samarbeid med komponistane. Ho har også skapt sitt eige verk. Hellqvist har ein bakgrunn i svensk folkemusikk. Eit av verka ho fekk skrive til seg under prosjektet, var ein respons på hennar bakgrunn og den tause kunnskapen ho sit på om tradisjonen i Dalarna, Sverige (Hellqvist, 2024). Hellqvist sitt arbeid har inspirert meg i mitt arbeid med utvida teknikkar. Eksposisjonen hennar på Research Catalogue har også vore inspirerande å lese i min eigen prosess med ferdigstilling av denne eksposisjonen.
Gitarist Andreas Aase har i doktorgradsprosjektet i kunstnarleg utviklingsarbeid, FolkImproV, undersøkt høve til å skape eit musikalsk vokabular til bruk i improvisasjon som byggjer på nordiske tradisjonelle slåttar med veks-oppbygging, organisert etter prinsipp ein finn i jazz. Prosjektet til Aase har til felles med mitt, å ta utgangspunkt i materiale ein finn i folkemusikktradisjonen, men skil seg frå mitt ved å bryte dette materiale ned etter prinsipp frå jazz (Aase, 2015).
Korleis improvisasjon i samspel kan influere og gje mat til soloimprovisasjon er eit av tema i gitarist Ivar Grydeland sitt doktorgradsprosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid frå 2015. Slik som Grydeland, har eg erfart korleis dei to formene for improvisasjon er viktige for utviklinga av kvarandre, men også korleis føresetnadene er ulike, og såleis kan føre til ulike val og lydleg resultat. Grydeland skriv om korleis kvar ny improvisasjon kan forståast som ein variasjon av tidlegare improvisasjonar (Grydeland, 2015). For meg var Grydeland sine refleksjonar til stor inspirasjon tidleg i prosjektet då eg søkte finne balanse mellom det å bruke gamalt materiale, og det å skape nytt materiale. Dei var også til inspirasjon under leitinga etter kva plass det spontane kan ha i improvisasjonane min.
I 2006 leverte hardingfelespelar Britt Pernille Frøholm eit masterarbeid ved Høgskolen i Telemark Institutt for folkekultur i Rauland, no USN Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. I prosjektet undersøkte ho hardingfela sitt klanglege omfang ved også å nytte preparingar og utvida teknikkar. Lydane og klangane ho fann, analyserte ho ved hjelp av Schaffer sin typologitabell Tartyp, og Lasse Thoresen sitt typologiskjema. Resultatet vart eit lydregister med 34 lydar. I tillegg til å stå fram som eit banebrytande arbeid innan norsk hardingfeletradisjon, presenterer Frøholm mellom anna refleksjonar kring lyttefokus ein finn i den norske folkemusikken og samanliknar dette med Schaffer sine ulike lyttemåtar. Ho presenterer også refleksjonar kring haldningar og straumdrag i den norske folkemusikken på 1900-talet, der ho mellom anna skildrar ei form for konserverande haldning representert ved dei mange nasjonale og lokale kappleikane. (Frøholm, 2006). Refleksjonane til Frøholm har for meg vore samanfallande med eigne observasjonar og refleksjonar kring lyttefokus. Refleksjonane kring utviklinga av den norske folkemusikken på 1900-talet, har vore inspirerande og støttande i mi eiga forståing og tolking av spelerommet eg finn i førespela.
***
Det heng saman,
heng og heng
saman.
Aldri aleine.
Saman.
Med deg.
Med meg.
Med kvarandre
heng det saman det andre
tett
Og med lange slakke trådar
som nesten ikkje heng saman.
Det heng saman likevel
om det aldri har hengt saman før så kjem dei saman.
Og det heng og heng
Men det er ikkje viktig
Jo, det er viktig
i denne samanheng heng det saman
Det heng saman
til slutt
***