Å finne sin eigen signatur

Å lære seg ein utøvartradisjon betyr å tileigne seg tradisjonen gjennom å herme den eller dei som kan den. Gjennom å herme andre felespelarar har eg lært handverket. Ein gong i denne læreprosessen har eg blitt fortalt at det ikkje er farleg å herme. Ein kan aldri bli ein identisk kopi, for det er alltid noko ein ikkje vil klare å herme. Det er i det ein ikkje klarer å herme at ein sjølv kjem til syne.

 

Å medvite finne sitt eige uttrykk, sin eigen signatur, er ein prosess som ein berre delvis rår over. Uansett korleis ein vender seg møter ein andre menneske, høyrer musikk, spelar saman og vert påverka. Sjølv om ein aktivt unngår påverknad, trur eg ikkje det fullt ut er mogleg å unngå. Det vil alltid vere noko som påverkar ein.

 

I prosjektet, og i denne prosessen, har eg freista legge merke til kva som påverkar og kvifor. Om det er hierarkiske strukturar som kjem til syne mellom meg og verda kring meg. Om det er ubalanse mellom meg og medspelarar. Om det ligg forventningar hos meg eller verda kring meg. Kven og kva eg tek omsyn til, eller ikkje omsyn til, i vala eg tek. Slike spørsmål har gjort meg betre medviten eige utgangspunkt, eigen ståstad og eigne ønskjer.

 

I utforskingane mine har eg sett på samspelarane og samtalepartnarane mine som ekspertar i feltet sitt. Personar med meir kunnskap og erfaring enn meg. Det har påverka korleis eg har lytta til informasjonen eg har fått, korleis eg har freista lære meg det eg har funne interessant. Dei har vorte læremeistrar eg har freista herme. Samstundes har eg ikkje vore redd for å kaste, eller ikkje ta vidare det som ikkje tiltalar meg. Eller eg har lagt ting på vent. Kome attende til det når eg har vore klar for det.

 

I skapinga av eige uttrykk, eigen signatur, har eg lagt merke til korleis ting som først kjendest nytt og langt frå meg sjølv, med tida har funne bustad i meg. Gjennom repetisjon har materiale og arbeidsmåtar blitt naturlege.

***

 

I blant mistar eg meg sjølv, for så å finne meg att ein annan stad.
Eg er framleis meg sjølv, men litt annleis.
Eg er framleis den gamle, men likevel ny.
Det nye har tatt bustad i meg.
Har funne plass mellom det gamle.
I det gamle.
Har smelta saman.
Eg er både det gamle og det nye.
Eg er både den eg var og den eg er blitt.
Og slik er det.
Når det nye har tatt bustad, er ein både det gamle og det nye.
Men det gamle kjem ikkje attende slik det var.
Det gamle og det nye har blitt det nye saman.
Det gamle og det nye er saman.
Og eg er den eg er blitt.

 

***