Luft og varigheit

Samspelet med Hilde Marie Holsen1 starta i 2015. Sidan då har vi skunda oss sakte framover gjennom sporadiske møter. Hilde Marie skaper improvisert musikk med akustisk trompet og live-prosesserte lydar frå den. For meg opnar musikken hennar assosiasjonar i meg som ligg langt utanfor vande kontekstar. Derfor ønskte eg ta Hilde Marie med inn i undersøkingane mine.

 

Musikken til Hilde Marie har ulike sjikt. Med det meiner eg at ho legg til rette for at eg som lyttar og medspelar kan lytte til ulike element i musikken som ligg ulikt plassert i lydbildet. Noko ligg langt framme som ein framgrunn, noko ligg i eit mellomsjikt, noko ligg langt bak som ein bakgrunn eller bakteppe.

 

Slåttemotivet var også med inn i samspelet med Hilde Marie.

Eg har ein distinkt klang i fela. Den er jamn og tydeleg til stade i rommet. I samspel med Hilde Marie plasserer den seg i framgrunnen. Ved å spele svakare kan eg freiste legge meg lenger bak. Samstundes er slåttemotivet tettpakka med informasjon. Det tek fokus og styrkar plassen til instrumentet lengst fram i lydbilde. I utprøvinga over opplevde vi at når det stadig kom nye motiv etter kvarandre, vart det vanskeleg for Hilde Marie å finne ein plass i det same sjiktet.

 

Slåtten skal alltid fram. I slåttespelet er eg forsiktig med å nytte mange repetisjonar. Hilde Marie utfordra meg til å redusere talet idear eller motiv, i ein improvisasjon. Ideen eller motivet, kunne gjerne vare over lenger tid, og eg kunne gjerne gå fram og attende mellom dei utvalde få ideane eller motiva. Det var ikkje lett å dvele ved eit motiv i lang tid. Samstundes freista eg skape luft mellom motiva, luft mellom frasane, lette bogen frå strengen og pause framdrifta.