I dei norske dialektane har ordet førespel i folkemusikkterminologien hatt fleire ulike nemningar. I tillegg til førespel og preludium, har ord som oppnoting, stillelåt, skifte, spelemannslekk, felestansar, tryllespel, renneskeid, krulling på fela, fereprilling og lending vore nytta (Alvær & Bjørndal, 1985, s. 106-108). Nemningane kan gje peikepinn på bruksområde så vel som musikalsk innhald og karakter (Jenstad, 2001, s. 232-237). Det er uråd på reint språkleg grunnlag, å seie noko om kor gamal praksisen i folkemusikksamanheng er. Nemningane kan ha kome i bruk på 1800-talet. (T. E. Jenstad, personleg kommunikasjon, 10. august 2023)
Av nemningar som særleg peikar på innhald og karakter finn vi tryllespel og krulling/prilling. Tryllespel skal vise til at førespelet ikkje var slåtterytmisk, at det skilde seg vesentleg frå slåttespelet og var av ein slik art at det fortrolla lyttaren. Krulling og prilling viser til former for ornamentering og kan tyde på at førespela var rikt ornamenterte. (Jenstad, 2001, s. 232-237)