Teknikk møter instrument møter meg

På leit etter fleire lydar og assosiasjonsrike områder på fela, kontakta eg komponist Therese Birkelund Ulvo1Therese kjenner hardingfela godt etter å ha skrive verk for instrumentet, og etter å ha arbeidd med, og vore produsent for utgjevingar med hardingfelemusikk. Eg ønskte ta ho med inn i undersøkingane av kva som kunne kome til syne når eit utval utvida fiolinteknikkar møter hardingfela.

 

Det var eit mangfald av lydar som kom fram. Nokre tiltalande, andre fråstøytande, nokre snille, nesten kjedelege, andre underfundige uforståelege. For at ein lyd skal tiltale meg, må den ha ein fylde, gjerne vere samansett og gjerne stå fram med fleire sjikt.


Eg testa stryke med bogen på felekroppen. Det gav ein susande og lett skrapande lyd. Understrengane kom også fram:

Ein noko tilsvarande lyd, men lysare i fargen, kom til syne ved å stryke med bogen sin trestokk  på strengane:

I ein sul tasto kom det eit fasinerande djup til syne:

Ein variant er å skape ei syklisk, rytmisk rørsle med bogen på strengen mellom stol og gripebrett:

I utforskinga kom eg over nokre skarpe lydar som fasinerte meg. I utføringa av denne lyden vandrar eg svært langt bort frå det eg oppfattar som estetisk akseptert i hardingfeletradisjonen:

Skrapelydar vert fort einsformig i øyrene mine. Det er ein lyd utan retning, utan andre assosiasjonar enn nettopp skrap. Slik lydar styrer eg gjerne unna.

I dette klippet leitar eg etter fleire lydar inspirert av lydane og teknikkane vi jobba med. I starten av opptaket kjem det til syne ein lyd som fanga merksemda mi. I det eg vrir bogen på strengen kjem det fram frå knirket, ein liten tone. Det er som den sprett opp av strengen. Kjem til syne, blir borte. Lyden er både varm og kaldt og gjev assosiasjonar til lyden av eit knitrande bål, til vatn som dryp, til strengar som ryk. Eg likar assosiasjonane og eg likar lyden.