Harpreet Bansal1 er fiolinist med bakgrunn frå indisk klassisk musikk. I ei samtale om norske førespel og indisk Alap, delte ho tankar om korleis ho byggjer opp ein Alap. Med ein meditativ ro viser ho fram enkelttonar i ragaen, dveler ved kvar av dei og krinsar kring dei med forsiringar og føreslag som glir inn til, over i og ut frå dei. Ein Alap kan vare, vare og vare nesten i det uendelege. Metoden tiltalte meg. Den gav ide og medvit kring å tynne ut mitt eige spel, og inspirasjon til å strekke spelet ut i tid.
Det var krevjande å finne inn til denne tilstanden av ro. Fingrar, boge og sinn ville vidare, framover, framover, fort. Eg oppdaga at eg trudde eg spelte sakte, men at eg slett ikkje gjorde det. Eg måtte mentalt skru ned det indre tempo dobbelt så mykje som eg trudde var naudsynt for i det heile å vere i nærleiken av den type ro og varigheit eg søkte.
Korleis vere i denne roa over tid? Korleis skape nyansar og variasjonar slik at stillstanden ein kan oppleve når progresjonen er så langsam, ikkje vert keisam? Eg vart merksam moglegheitene i bogen. Høve til å variere intensitet, klangfarge, veksling mellom korte og lange bogestrøk. Eg la merke til korleis eg ved bogen kunne skape spenning, skape frasar, poengtere og byggje opp under tonale løp. Samstundes la eg merke til at eg godt kunne legge inn små parti med raskare utvikling, for så å kome attende til det langsame.